Hopp til innhold

Debuterte før halvparten av spelarane på laget var fødde - no gjer han comeback!

FØRDE (NRK.no): Det har gått seks år sidan Jan Egil Tvinde (45) la opp på øvste nivå. No gjer han comeback i eliteserien.

Jan Egil Tvinde debuterte på Førde før halve dagens tropp var fødd. Etter nokre år på sidelinje gjer 45-åringen no comeback i eliteserien.

COMEBACK: Det byrjar å bli nokre år sidan han spelte i eliteserien sist. No gjer 45 år gamle Jan Egil Tvinde comeback. Sjå han i aksjon på trening i videoen. Foto: Rune Fossum

– Eg kjenner meg jo vaksen i dette selskapet. Men det er hovudet som tel, og at den fysiske forma er bra. Og eg er faktisk ikkje så langt bak, seier Tvinde med eit lurt smil om munnen.

Det har gått seks år sidan den profilerte lensmannen i Førde trappa ned som volleyballspelar på landets høgste nivå. Då sette han punktum for ein karriere som etter 248 kampar vart krona med cup- og seriegull.

Denne veka bestemte han seg for å takke ja til tilbodet om å gjere comeback.

– Eg har rutine og vil vere med og motivere dei yngre på laget, seier Tvinde.

Dei siste åra har han halde seg i form med å spele sandvolleyball og førstedivisjon.

– Har kvalitetar utover volleyballen

Rundt seg har han mange nye og ferske fjes i elitesamanheng i volleyball. Dei fleste kunne Tvinde aldersmessig glatt ha vore far til.

For etter at Mathias Loftesnes, Lars Fredrik Tvinde, Lars Magnus Kaasa og Jonas Kvalen forlet klubben i sommar – dei fleste til proffspel – har Førde no ein svært ung og urutinert stall.

Det er der 45 år gamle Tvinde kjem inn i biletet.

– Han kan vere eit frisk pust på eit slikt lag. Eg meiner det er berre positivt at han blir med. Eg ser at han har kvalitetar, også utover det å vere volleyballspelar, som dette laget treng, seier sportsleg leiar Martin Berntsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anders Røneid (t.v.) og Jan Egil Tvinde i blokk på trening

HØGT OPPE: Anders Røneid (t.v.) og Jan Egil Tvinde i blokk på trening nokre dagar før seriestart i eliteserien.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Kan få det tøft i starten

Jan Egil Tvinde debuterte for Førde heilt tilbake i 1993. Den gongen var over halvparten av spelarane i dagens elitestall ikkje fødde (sjå faktaboks til høgre). Tvinde har åleine truleg fleire kampar på CV-en enn resten av laget til saman.

Også trenar Marcin Lubiejewski og Vasile Afloarei har bra med rutine. Men Førde har nok det yngste laget dei nokon gong har hatt i eliteserien.

I verste fall kan det bli eit stort steg ned frå sølvet i førre sesong.

– Det er eit heilt nytt mannskap, så det blir spennande å sjå kva dei kan få til. Det kan nok bli tøft for dei i starten, før dei får kjent litt på nivået., seier Berntsen.

– Etter mange gode år – startar Førde litt på scratch no?

– Om ikkje på scratch, så er det utan tvil eit generasjonsskifte. Vi har ein del spelarar i utanlandske klubbar, som kanskje kjem tilbake på sikt. Men akkurat no er det eit soleklart generasjonsskifte.

Går for ein plass i sluttspelet

Eliteserien er denne sesongen på berre sju lag, og det er bestemt at ein skal kåre Norges beste lag etter ein enkel serie. Deretter blir det sluttspel.

Fleire har tippa Førde på sisteplass. Det har ikkje klubben sjølv nokon tru på.

– Eg håpar vi kan ta midtplassen på tabellen, altså fjerdeplassen. Det vil gi oss ein plass i sluttspelet, seier trenar Marcin Lubiejewski.

– Mange av gutane har ikkje store erfaringa. Så det er bra vi har med ein type på laget som er eldre. Jan Egil er dessutan ein veldig bra spelar, som eg tenkjer kan vere med og hjelpe oss til ein god plassering også i år, seier han.

Sjølv er trenaren nyleg operert etter ein kneskade. Han håpar han kan vere med og bidra på bana om ein månads tid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Marcin Lubiejewski dirigerer spelarane på trening

KLAR: Spelande trenar Marcin Lubiejewski dirigerer spelarane. Han meiner laget må kjempe om fjerdeplassen i årets eliteserie.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trur Førde kjem tilbake om nokre år

Som ein konsekvens av den unge stallen, har Førde takka nei til spel i nordisk liga. Klubben fann ut at dei ikkje ville få nok sportsleg utbyte målt opp mot utgiftene.

Dessutan blir det nok kampar på spelarane, då fleire av dei må spele også for førstedivisjonslaget til klubben.

– Kor lang tid går det før Førde er tilbake på toppen av norsk volleyball?

– Det er vanskeleg å seie. No har vi hatt kjempeutskiftingar i år, og vi er usikre på kor mange vi av spelarane som vil halde fram til neste år. Vi er ikkje på ein plass der det er lett å få tak i spelarar, så vi må fostre dei opp sjølv. Men får vi halde på desse spelarane, så er vi tilbake så fort som mogleg, seier Berntsen.

Jan Egil Tvinde er samd:

– Eg likar det som skjer no, med unge spelarar og ein god trenar frå Polen. Etter kvart trur eg dette blir bra.