Hopp til innhold

Sjå kven som dukka opp i Skywalken

FØRDE (NRK): Laurdag klokka 13 fekk tilfeldig forbipasserande seg ei hyggeleg, musikalsk overrasking på Handelssenteret. UKM var nemleg på plass og heldt konsert i Skywalken.

UKM i Skywalken

MUSIKK, DANS OG SONG: UKM hadde sett opp ei scene midt i Skywalken i Handelshuset. Her opptredde deltakarar, og forbipasserande kunne få seg ein smakebit av festivalen.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Vi berre såg at det var konsert her når vi gjekk forbi.

Olea Bertine Savland (6) og Ronja Bruflot Nøsen (5) skulle eigentleg på kafé, men måtte stoppa opp då dei høyrde dei fine tonane gjennom Skywalken.

Folk strøymde til tunnelen då konserten starta. Det var vanskeleg å kome seg gjennom gongane då rundt hundre menneske stod klare for å høyre på dei musikalske talenta.

Ronja Bruflot Nøsen og Olea Bertine Savland på Handelshuset

FRÅ KAFÈ TIL KONSERT: Venninnene Olea Bertine Savland (6) og Ronja Bruflot Nøsen (5) skulle eigentleg på kafé, og blei overraska over konserten på Handelshuset. Då måtte dei stoppe og sjå.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Venninnene synest det var gøy med konsert.

– Folk både song og dansa, seier Olea.

Nokre var til stades på Handelshuset grunna UKM. Andre blei overraska over konserten. Dei to jentene visste ikkje kvifor ungdommane eigentleg var i Førde.

Mange tilskodarar på konsert i Skywalken

FULLT: Folk strøymde til tunnelen då konserten starta. Det var vanskeleg å kome seg gjennom gongane i Skywalken.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Første gong utanfor Førdehuset

Eva Kristin Svidal frå Sogn og Fjordane fylkeskommune fortel at dette er første året UKM bevegar seg utanfor Førdehuset.

– Vi ønsker at fleire skal få med seg kva som skjer.

Festivalen håpar at konserten i Skywalken kan bidra til fleire tilskodarar på Førdehuset, der UKM skal gå føre seg.

– Det er sikkert ikkje alle som er klar over kva UKM er, og difor kan det vere fint med ein slik konsert her i sentrum.

UKM i Skywalken
Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK