– Det var ei spesiell oppleving med spekkhoggarar nede ved brygga på Farnes, rett utanfor stoveglaset, seier Hanna Menes
Det var tysdag at flokken på seks spekkhoggarar tok turen inn i Sværefjorden i Balestrand. Hanna Menes og dei ho var i lag med kasta seg i full fart i båten for å ta spekkhoggarane i nærare augesyn.
– Dei var litt større enn eg hadde sett for meg, men vi var så gira at vi berre tenkte på at vi måtte kome tettast mogleg på dei, seier Menes.
Etter kvart kom dei veldig nærme dei store dyra.
– Dei var veldig leikne og for under båten vår, og innimellom var dei så nære båten vår at vi nesten kunna ha klappa dei.
– Dei høyrest spanande ut?
– Det var spanande, men og litt skummelt. Vi følgde dei i neste to timar. På slutten var dei så nærme at pappa sløkte motoren på båten så dei ikkje skulle kome bort i propellen.