NRK Meny
Normal

Sjå kvalane leike seg i Sognefjorden

Familien Nesje fekk seg ein litt annan oppleving enn forventa på morgonkvisten søndag.

Familien Nesje fekk oppleve særs spanande leik i fjorden.

Ein flokk på 10 kvalar leika seg i Sognefjorden søndag. Foto: Alice Nesje

– Vi oppdaga dei då vi åt frukost, og så såg vi berre fleire og fleire. Det har kome mange inn fjorden, fortel Alice Nesje.

Saman med resten av familien var ho på Nesje like ved Rysjedalsvika i Sogn i helga. Dei har sett kval i fjorden før, men aldri så mange på ein gong. Nøyaktig kva kval det er, veit dei heller ikkje.

– Vi trur flokken var på kring ti stykk, men der var truleg endå fleire. Det er store flokkar, fortel ho.

I den andre båten sat son hennar og eit søskenbarn på 14 år, sjølv om det såg ut som dei skulle få i overkant nærkontakt, så var ingen av dei redde.

– Dei sa berre oj, og let seg imponere, seier Nesje.

Engasjerte lesarar har informert at det mest truleg er snakk om ein flokk med niser, eller tannkvalar. Det er ein av dei minste kvalarten som finst.

Delfinar i Solund

Og det var ikkje berre kvalane som lagde show i fjordane våre denne helga. I Steinsundvikja i Solund fanga Marit Steinsund ein delfin i full fart.

– Eg har aldri sett dette før, vi diskuterte litt kva det var, men kom fram til at det var ein delfin. Det var minst to som sumde rundt og laga show. Dei var der lenge, fortel ho om si naturoppleving laurdag.

Delfinen leika seg i Askvoll laurdag.

LEIK: Delfinen heldt show i Solundlaurdag.

Foto: Marit Steinsund
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.