Hopp til innhold

Sjå kva skapet frå unionstida skjulte

NORDFJORDEID (NRK.no): Fredag kveld vart det gamle pengeskapet frå unionstida opna. Dei frammøtte fekk seg ei overrasking då dei såg kva skapet skjulte.

Fredag kveld vart det gamle pengeskapet frå unionstida opna. Dei frammøtte fekk seg ei overrasking då dei såg kva skapet skjulte.

SJÅ SENDINGA: Kva skjuler seg i skapet? Reporter Erlend Blaalid Oldeide er på plass.

– Her var det heilt tomt, seier historikar Karsten Alnæs i det han opnar skapet.

Pengeskapet er frå unionstida og har stått urørt i over femti år på ein gammal sorenskrivargard på Nordfjordeid.

Sidan 1957 har ingen sett kva skapet inneheld. Fredag kveld vart skapet opna av historikar Alnæs.

Etter at døra til skapet er opna ser ein at det skjuler seg enda ei dør bakom. Og som om ikkje det skulle vere sikkert nok, er det enda ei skapdør bak denne døra. Spenninga stiger.

Men bak den tredje døra skjuler det seg ingenting anna enn eit tomt skap. Alle ler.

Ei overrasking

– Det var ei overrasking og det er det viktigaste, seier Alnæs.

Tomt pengeskap frå unionstida

INGENTING: Etter at fleire skapdører vart opna kunne ein avsløre at det gamle skapet var heilt tomt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Rune Rotevatn, som bur i huset frå 1790, var spent på førehand.

– Det er ingen som veit kva som er i skapet og det er det som er så spennande, seier reporter Erlend Blaalid Oldeide få sekund før skapet vart opna.

– Men kvifor har ikkje huseigaren opna skapet før?

– Eg visste at eg skulle bli jurist, så eg planla ganske greitt at ved 200 års jubileet for grunnlova kunne det passe å opne skapet, seier Rotevatn.

God lærdom

Rotevatn seier han ikkje er skuffa over at det ikkje var noko i skapet hans.

– Eg kan ikkje vere skuffa. Eg har fått mykje folk på besøk for å sjå dette her, så eg takkar for ei veldig fin merksemd rundt dette, seier eigaren av skapet.

– No seier vi at hemmelegheita er avslørt. Det var tomheita som herska for 65 år sidan, ler Alnæs.

– Er dette eit antiklimaks for ein historikar?

– Nei, det er god lærdom. Når vi opnar fortida så finn vi kanskje noko spennande, men ofte finn vi kanskje ikkje noko som helst. Det gir oss berre ei større kjensle av at det som er i fortida det er gåtefullt, seier Alnæs

Hadde venta seg papir

– Eg hadde venta meg skumle papir frå rettssaker som enno ikkje er avslørt og kanskje dokument som kunne avsløre private hemmelegheiter på Nordfjordeid, seier Alnæs.

I framkant av opninga av skapet har historikaren spekulert litt i kva skapet kunne skjule.

– Eg håpte å finne dokument på Hetlesaka. Ei dramatisk sak rett før krigen. Eit justismord der far og son vart sett i fengsel. Etter lang tid så tilstod den reelle mordaren, fortel Alnæs.

Han fortel at det er sånt som forfattarar drøymer om.

Pengeskap, Leikvin i Eid

TRYGT: Det er eit solid skap som no skal opnast - bygt for å tole brann.

Foto: Rune Rotevatn

– Det var kanskje ein urealistisk draum, men det er jo draumar vi lever av vi forfattarar og som historikar er eg på jakt etter det ukjende og det spennande og det som kan oppklare vår fortid. Difor håpa eg på det, men det var kanskje ein forfengeleg draum, ler Alnæs.

Brev frå sorenskrivaren

– Det er hyggeleg at folk viser merksemd kring det som er gamalt. Sjølv hadde eg håpa på eit brev frå sorenskrivaren her. Det hadde vore flott om han hadde skrive eit brev, seier Rotevatn.

Sjølve låsen blei brote opp av ein låsesmed for nokre dagar sidan. Ifølgje låsesmeden sjølv er han den einaste på Vestlandet som kunne gjort dette på så kort tid.

Låsesmed og pengeskap

TOMT: Skapet var heilt tomt då det fredag vart opna. Låsesmed Bjørn Austgulen (t.v.) fekk æra av å vere Egon Olsen og bryte opp låsen.

Foto: Harald Kolseth / NRK