Hopp til innhold

Sjå korleis ski-debutantane frå Syria greier seg

JØLSTER (NRK): Syrarane kom til Norge for eit par år sidan og er no i ferd med å lære seg å gå på ski. Mange knall og fall gjer det ekstra moro, meiner dei sjølv.

FOR ANDRE GONG: Snøen lokkar og det er berre å kaste seg uti det. Dette er andre dagen dei går på ski. Foto: Bård Siem, NRK

Dei fleste kjem frå Syria, men det er også folk frå Eritrea og Sudan på skikurs i Bjørkelia i Jølster. Dei fleste har kome til Norge i løpet av dei par siste åra og felles for dei alle er at dei aldri har gått på ski før.

Når vi møter utlendingane i skiløypene er det deira andre dag med ski på føtene. Dei stakar seg framover på flata og held seg på føtene. Men det blir verre når dei skal ned ein liten bakke. Somme dett på magen, andre på ryggen. Mange står heilt ned. Alle smiler og ler.

– I Syria har vi ikkje snø, så det er veldig uvant. Met det er veldig kjekt å på ski, seier Ahmed.

Er det vanskeleg?

– Ja, veldig vanskeleg. Det vanskelegaste er å bremse, seier han. Landsmannen Josef nikkar.

Pause med bålbrenning

KOS: Etter ei lang økt på ski er det godt med ein pust i bakken.

Foto: Øyvind Holsen Foss

Felles for kursdeltakarane er at alle har fått opphaldsløyve i Norge, og dei går på Norsksenteret i Førde.

Opplæring i norsk kultur

Det er Øyvind Holsen Foss og Sindre Hoff i selskapet Til fjells som skal lære dei å gå på ski.

– Vi har hatt litt teori først. Så er det tre dagar på langrennsski og ein dag i alpinbakken. Dei er lærevillige og positive. Framgangen er stor og vi har det kjekt i lag, seier Holsen Foss.

Skileik i Bjørkelia

SKILEIK: Dei har det moro under skileiken i Bjørkelia.

Foto: Øyvind Holsen Foss

Han fortel at dei vil gje utlendingane ein smakebit på den norske kulturen.

– Det å gå på ski er kanskje det det mest norske som finst. I tillegg er det kjekt, det gjev meistring, ein brukar kroppen og ein kjem i kontakt med folk, seier Holsen Foss.

– Det er utruleg kjekt å sjå engasjementet og gleda dei får av å gå på ski, seier Hoff.