Hopp til innhold

Snart opnar Torvund - Teigen - her kan du bli med på ein prøvetur

Opninga av nyevegen Torvund-Teigen på E39 mellom Vadheim og Lavik er no berre nokre veker unna. Vi har teke ein liten prøvetur på strekninga.

Bli med på ein jomfrutur på ny veg!

BLI MED PÅ EIN PRØVETUR: Om nokre veker opnar den nye vegen Torvund-Teigen på E39. Her kan du få ein liten smugkikk på korleis det blir. FOTO: Alf Vidar Snæland

– Det blir som natt og dag, seier prosjektleiar Sverre Måge i Statens vegvesen om korleis bilistane kjem til å merke forandring etter nyopninga.

Er du nysgjerrig på korleis det blir når den nye vegen står heilt ferdig om nokre vegar? Vi har filma ein av dei første turane på nyevegen frå start til slutt, videoen kan du sjå øvst i saka.

Opnar i desember

Måge seier entreprenørane no ligg i rute med dei siste oppgåvene før vegen står ferdig. Det er sagt at vegen skal opne i desember, men akkurat kva dag det blir er framleis litt usikkert.

– Vi ventar litt på respons frå den som skal opne strekninga, seier han og vil ikkje avsløre kven det blir.

(Artikkelen held fram under biletet)

Inne i den nye tunnelen på Torvund-Teigen E39

BLI MED INN: Øvst i saka kan du vere med inn i den nye tunnelen på den nye vegen på E39 mellom Vadheim og Lavik.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Det blir formidabelt

Det er nok ganske mange som ser fram til opninga av den nye vegen mellom Vadheim og Lavik på E39 i Sogn og Fjordane. Denne delen av strekninga har vore smal og kronglete, og spesielt over Torvundhovden har folk måtte smørje seg med tolmod både sommar og vinter.

Prosjektleiaren har sjølv køyrt strekninga mange gonger dei åra han har jobba med nyevegen. Han trur forskjellen kjem til å bli svært så merkbar for bilistane.

– Det blir formidabelt for bilistane. Dei slepp den høgda, der det som regel alltid er kø.

– Vegen er smal og kronglete, og det er heilt sikkert at folk kjem til å merke dette. Det blir som natt og dag, seier Måge til NRK.no.

Vil korte ned køyretida

Den nye vegstrekninga er om lag fem kilometer lang, av dette er 2,5 kilometer tunnel. Det betyr at den nye vegen vil vere om lag ein kilometer kortare enn dagens veg.

Kor mykje kortare tid folk vil bruke når nyevegen står ferdig meiner Måge det er vanskeleg å svare på, men han er klar på ein ting.

– Du vil tene ein del på det, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

E39 Torvund-Teigen - steinmur

STEINMURAR: Prosjektleiaren er svært stolt over bruken av steinmurar langs den nye vegen. Til saman er det blitt 8000 kvadratmeter med steinmurar, nokre av dei er åtte-ti meter høge.

Foto: Ole Kristian Åset / Statens vegvesen

– Tålmodige bilistar

Anleggsarbeidet starta i august 2010, og det har til tider vore til hinder for trafikken på E39. Måge har tidlegare gitt ros til trafikantane som har måtte tole stengingar både seint og tidleg.

– Dei har teke det fint gjennom heile anleggsperioden, og det har vore lite eller ikkje klager frå trafikantane. Folk har vore veldig tålmodige, sa han til NRK.no tidlegare i haust.

Når det no berre er nokre veker att til opning er det enno ein del ting som står att. Mellom anna rekkverkarbeid, merking og andre småting.

– Men alt er i rute, lovar prosjektleiaren.

E39 ved Norevik - anleggsarbeid

SNART SLUTT PÅ DETTE: Trafikken har til tider gått tregt gjennom anleggsområdet.

Foto: Ole Kristian Åset / Statens vegvesen