Laurdag 22. juli hadde Sogn og Fjordane sine store heltar, Vilde og Anna, konsert på Malakoff Rockfestival. Det var første gong Nordfjoreid-jentene Vilde Hjelle (13) og Anna Naustdal (12) stod på Malakoff-scena.
Med seg på scena hadde dei eit anna Eid-band, Indigo Child, og saman hadde dei ein konsert på 50 minutt.
Vilde og Anna vann Melodi Grand Prix junior i november, med songen «Vestlandet» som har blitt spelt over tre millionar gonger på Spotify og Youtube.