NRK Meny
Normal

Ein musikalsk hyllest av fjordfolket i vest

VIK (NRK): Ottar Wiik sine viser om rundballar og statistiske avvikarar er blitt kabaret.

Kabareten «Rundballeri hurra!» er ei kjærleikserklæring til folket langs fjordane, er mange sameleis glade i visene til Ottar Wiik.

HYLLA: Visesongaren Ottar Wiik vart hylla med kabaret.

– Det er skremmande – men samstundes veldig kjekt at folk vil bruka mykje fritid på å vera med på dette.

Ottar Wiik er på veg inn i Vikjahalli, det 104 år gamle ungdomshuset i Vik, der Wiik har stått bak - saman med fleire andre - musikalske oppsetjingar av diktinga til mellom andre Ivar Aasen, Per Sivle og Jakob Sande. Men på oppmoding frå NRK Sogn og Fjordane er det Wiik sine eigne viser som skal framførast.

Og akkurat denne kvelden skal ei av dei siste øvingane før premieren på kabareten «Rundballeri hurra!» finna stad, med over tretti lokale songarar og musikarar.

Ottar Wiik

«STATISTIKKVISAS FAR»: – Så lenge Sogn og Fjordane tek vare på særtrekka sine, vil den teksten stå seg. Så eg får nesten håpa at me held fram med å vera litt spesielle her, seier Ottar Wiik om den kjende visa om det statistiske avvikarfylket.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ungar kan visene på rams

I førti år har Wiik sett det særmerkte i livet langs vestlandsfjordane, som mange av oss har sett oss blinde på. Slikt kan det bli klassiske viser av, som «Statistikkvise», «Sogn og Fjordane» og «Rundballevise». Nokre av dei blei gitt ut på plata «Her langs fjorden» for 20 år sidan.

Skarp observasjonsevne og ein velutvikla sans for det kvardagsleg komiske blir gjerne trekt fram som to kjenneteikn ved visetekstane til Wiik.

I visene kan Wiik finna på å sjå med skrått blikk på både heimfødingmentalitet og haldningar til innflyttarar, som i «Tale til innflyttaren»:

Du trur du kan komma her
Og meina i hytt og ver
Kar skapet ska sta
Kar vegen ska ga
Kar hunden ligg graven ned
Lat hunden vår liggja i fred!

Ottar Wiik-kabaret

SISTE FINPUSS: Gjestesolist Einar Bolstad, Ottar Wiik (bak i midten) og korvener i Vik øver gjennom songen 'Sogn og Fjordane' før premieren på kabareten 'Rundballeri hurra!'.

Foto: NRK / Stine Kyrkjebø Johansen

– Ein ønskjekonsert

– Samstundes som han skildrar det typiske ved einskilde vestlendingar, er visene på same tid ei kjærleikserklæring til fjordfolket, som han har stor respekt for, seier Jens Brekke.

Ottar Wiik og Jens Brekke

EIN ØNSKJEKONSERT: - Det er heilt fenomenalt at Ottar har late seg overtala til å setja opp visene sine, seier venen Jens Brekke (t.h.)

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Kulturarbeidaren i Vik har arbeidd mykje i lag med Wiik sidan sistnemnde flytta til sognebygda i 1980. Brekke bidreg òg mykje i jubileumskabareten og er glad Wiik har late seg overtala til å laga ei framsyning med eigne viser.

– Sidan eg har fått vore med og spela visene til Ottar i 35 år, er dette ein rein ønskjekonsert for meg.

«Rundballeri hurra!» har kome til med hjelp av gode musikalske krefter i Vik - og i samarbeid med NRK Sogn og Fjordane sin Lutt-redaksjon.

  • Høyr:
I 40 år har Ottar Wiik skrive viser om livet langs vestlandsfjordane.Om regn, rundballar og ikkje minst alt statistikken kan fortella. No har han lete seg overtale til å setje opp ein kabaret med eigne viser.

SJÅ TV-REPORTASJE: I 40 år har Ottar Wiik skrive viser om livet langs vestlandsfjordane.Om regn, rundballar og ikkje minst alt statistikken kan fortella. No har han lete seg overtale til å setje opp ein kabaret med eigne viser.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy