Hopp til innhold

Sjå julehelsinga frå «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»

Årets siste episode av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» går på TV i beste sendetid første juledag, Allereie no kan du sjå programskaparane sin julehelsing.

Julehelsing frå Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

JULEHELSING: Medan du ventar på siste episode av Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

– Vi er veldig fornøgde med årets sesong. Det er kanskje den sesongen vi er mest fornøgd med, seier programleiar Arve Uglum.

Han og fotograf/redigerer Torje Bjellaas har snart vist fram tredje sesong av serien sidan dei tok over frå Oddgeir Bruaset i 2015. Og dei sit begge att med ei god kjensle.

– Det har litt å gjere med at vi begge har lært mykje, og har blitt betre til det vi driv med. Det handlar også om at vi i denne sesongen har funne ein veldig god balanse i historiene vi fortel. Vi speglar heile landet, og vi fortel veldig ulike historier, seier Uglum.

Daniel Storeide med samboer Ivonne Ekremsæter.

GJORDE INNTRYKK: Programleiar Arve Uglum hugsar særleg godt møtet med Daniel Storeide og Ivonne Ekremsæter i Trandal.

Foto: NRK

Ein episode gjorde særleg eit inntrykk

Uglum og Bjellaas har brukt mykje tid på kvar av dei seks episodane dei har laga i år, og sit att med mange ulike inntrykk når sesongen snart er ferdig. Det er likevel ein episode som programleiaren kjem til å hugse særleg godt frå året som var.

– Den første episoden , som var frå Trandal på Sunnmøre. Vi fekk eit veldig spesielt forhold til dei som budde der. Det var unge folk, og vi følte kanskje at det stod litt meir på spel for dei enn for mange andre. Også kom det nokre viktige avklaringar medan vi var der, som var viktige for framtida deira.

Episoden Uglum pratar om kan du sjå her.

– Vi heiar alltid på dei folka vi fortel om, men vi heia nok litt ekstra på Daniel og Ivonne, seier Uglum.

Torje Bjellaas og Arve Uglum i redigeringsrommet på Skei

HERLEG MED FERIE: Arve Uglum tykkjer det er herleg å vere ferdig med årets sesong av Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Svært gode sjåartal

«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» har blitt ein folkekjær fjernsynsserie. Sjølv om den no er inne i sesongen nummer 16, ser ikkje det ut til at folk er leie.

– No som sjåarvanene til folk endrar seg veldig, er dette med sjåartal spennande. Då er det jo veldig kjekt at vi har svært gode sjåartal både på linær TV og på nett-TV, seier programleiaren.

Og når den siste episoden i år skal gå første juledag, håpar Uglum på ny rekord.

– Slik eg kjenner TV-tilbodet i romjula, trur eg «Der ingen skulle tru» passar veldig godt inn.