– Dette er den mest hektiske dagen, seier festivalsjef Fredrik J. Helland.
Han seier at det har vorte mykje som skal fiksast på festivalen siste dag, også den dagen med flest aktivitetar. Han er likevel ikkje klar for å kaste inn handkledet.
– No er vi i ferd med å lage klar festivalteltet. Kveldsarrangementa har vore ein stor suksess, både økonomisk og kva stemninga angår, seier Helland.
Trass i at billettsalet har vore noko dårlegare enn superåret i fjor har oppmøte vore bra. Dei reknar med at 1200 var innom barneparken i dag, og 550 var innom festivalteltet i går.
– Svikten i billettsalet kan nok tilskrivast vêret, seier Helland, som uansett lovar høg temperatur i festivalteltet.
Då er det tropenatt med DJ Sjur som står på agendaen, og arrangementet er allereie utseld.