NRK Meny
Normal

Sjå gatekunstnaren spraymåle skuleveggen

SOGNDAL (NRK): I dag blei Sogndal litt meir fargerikt. Utstyrt med sprayboksar gjorde ein kunstnar og elevar ein skulevegg sprekare.

I dag blei Sogndal litt meir fargerikt, for utstyrt med sprayboksar skal ein kunstnar og elevar markere opninga av studentfestivalen Vekao gjere ein vegg litt sprekare.

SJÅ VIDEO: Elevar ved Trudvang skule fekk boltre seg med fargar.

Dette er med på å markere starten på studentveka Vekao i Sogndal, det største kulturarrangementet i Sogn og Fjordane vinterstid.

Dei har hyra inn gatekunstnaren Rodrigo Vitorio Lisboa som går under artistnamnet «Peacetu». Han reiser landet rundt med sprayboksar for å piffe opp grå og kjedelege bygningar.

I dag fekk han med seg ein klasse frå Trudvang skule. Saman skulle dei fargeleggje ein vegg i skulegarden.

 Rodrigo Vitorio Lisboa og Noralv Pedersen

GATEKUNSTNAR: I dag var Rodrigo Vitorio Lisboa i Sogndal. Her blir han intervjua av reporter Noralv Pedersen.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast