Hopp til innhold

Sjå formørkinga i Sogn og Fjordane

Lågt skydekke førte til at sola uteblei mange stader i dag. Likevel blei det påfallande mørkare under solformørkinga.

I Aurland fanga fotografen solformørkinga i eit øyeblikk der skylaget sprakk opp.

VIDEO: NRK sin fotograf i Aurland fekk fanga solformørkinga på film så skylaget plutseleg sprakk opp. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke

I Sogn og Fjordane starta solformørkinga i 10-tida og var på topp klokka 10:50.

Amatørastronom Runar Sandnes seier at på film ser fenomenet mørkare ut enn med auga.

Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

VIDEO: Slik såg det ut i Førde i føremiddag. Timelapse-videoen viser korleis kamera oppfattar lysfallet under formørkinga. Augo våre vil automatisk justere pupillane for å kompensere, og difor ser vi ikkje desse lysendringane like objektivt som eit kamera med fast eksponering gjer. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

– Eit kamera med faste innstillingar vil ikkje endre seg slik som pupillane. Difor blir den, sett gjennom kamera, ei meir vitskapleg og korrekt måling av lysfallet vi opplevde i dag, fortel han.

Han hadde gleda seg veldig til å få oppleve ei solformørking, men måtte erkjenne at skylaget låg lågt også i Gloppen.

– I forhold til vêret blei opplevinga som forventa. No gler eg meg med dei som var på Svalbard, seier han.

Her i fylket var formørkinga på kring 95 prosent. På Svalbard var den total og folk frå heile verda kom for å sjå den spektakulære fenomenet. Sist vi opplevde ei total solformørking i Norge var 30. juni 1954.

Neste sjanse til å få med seg ei total solformørking i Skandinavia er i 2136.

Foto/redigering: Runar Sandnes

VIDEO: Runar Sandnes tok meg seg kamera ut i Gloppen. Han er amatørastronom og hadde gleda seg til denne dagen.

Time lapse frå NRK bygget i Førde. Opptaket gjekk i ca 90 minutt. Foto Steinar Lote

VIDEO: Slik såg det ut i Førde sentrum. Foto: Steinar Lote, NRK

Se solformørkelsen igjen

VIDEO: Sjå solformørkinga på Svalbard.