NRK Meny
Normal

Sjå film frå Kjippen i Florø

Tusenvis av folk samla seg i gatene i Florø i natt til det årlege nyttårsopptoget «Kjippen».

FOTO/REDIGERING: Truls Kleiven

Tusenvis av folk deltok i opptoget «Kjippen» i Florø i natt. Dette er ein tradisjon i Florø. I over 100 år har det vore karnevalsopptog gjennom gatene i byen på nyttårsaftan.

– Det var ei kjempefeiring. Vi var heldig med vêret og det var fleire folk enn det har vore dei siste åra, seier Jan Roar Hatlem, som er ansvarleg for fellesfyrverkeriet i Florø.

«Kjippen» er eit høve til å ytre si meinig om dei som styrar, gjerne av satirisk karakter. Det var mange plakatar å sjå i toget med tema frå omsorgsbustadar til #Metoo-kampanjen. Særleg ei sak var gjennomgangstema.

– Det var veldig mykje om Sunnfjord-namnet som har blitt kuppa. Jan Tore Sanner fekk gjennomgå og Olve Grotle, ordførar i Førde, vart utpeikt som vinnar av kommunereforma, seier Hatlem.

Etter toget vart det laga eit bål der alle plakatane vart brent,

– Ein kastar satiren på bålet og startar det nye året med blanke ark, seier Hatlem.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.