Hopp til innhold

Sjå 17. maifeiringa frå heile Sogn og Fjordane

Folk har sendt inn flotte bilete og video av si feiring av 17.mai.

Kystbyen Florø har tre 17.maitog

Sjå smakebitar frå feiringa i kystbyen som har tre 17.maitog.

Sol og sang på Askrova under 17.maifeiringa

Sjå dei omlag 100 fastbuande på Askrova feire 17. mai. FOTO OG REDIGERING: Bjarne Eldevik.

Viss du vil sende bilete via e-post, sender du dei til: sffoto@nrk.no.

Vil du sende bilete via Instagram, merkjer du dei med #nrksf og #nrk17mai, så hamnar dei på Instagram-kartet vårt, samt i galleriet vårt lenger nede i denne artikkelen.

På ein 17. mai blir det teke uhorveleg mange foto og videoar. Når heile familien tek på seg finstasen må kameraet fram. Og dersom du tek bilete du er spesielt godt nøgd med kan det vere fint å gjere det tilgjengeleg for andre.

Her på nettsida til nrk.no/sf vil vi opprette eit biletgalleri 17. mai. Der er du velkomen til å vere med med dine blinkskot.

Slik sender du med Instagram

Merk biletet med #nrksf

Ved å bruke emnemerket #nrksf godkjenner du at NRK kan publisere biletet i ei kvar redaksjonell samanheng på TV og nett.

Ved å sende video eller bilete, gir du oss løyve til å nytte dei på nettsidene til NRK. Stoff som blir brukt, blir lagt ut saman med namnet til fotografen. NRK skal ikkje selje bileta vidare.

Sjå meir informasjon om retningslinjer i faktaboksen til høgre.

Laster innhold, vennligst vent..

Her kan du sjå bileta vi fekk inn i fjor: