NRK Meny
Normal

Sjå helikopterbilete frå flaumen

I Flåm har Flåmselvi gjort store skadar. Fleire hus er rivne vekk av dei store mengdene med vatn som har kome siste døgnet.

Sjå Flåm frå lufta etter flaumen sine herjingar.

SJÅ VIDEO: Flåm frå lufta etter Flåmselvi sine herjingar siste døgnet. Foto/Redigering: Heidi Lise Bakke.

252 personar var i kontakt med Aurland kommune i samband med evakueringa. To helikopter måtte settast i sving for å hente over 20 personar ut frå nokre av områda, fordi vegar og bruer inn var vaska vekk.

– Det er vondt å sjå alt som har skjedd i Flåm, med dei store øydeleggingane, seier Marita Brekke.

(Saka held fram under videoen)

har dei byrja oppryddinga. NRK Beta tok helikopterbilete i dag langs vestlandet. Her er nokre frå Flåm

SJÅ VIDEO: Oppryddingsarbeidet er i gang i Flåm. Redigering: Heidi Lise Bakke

Ho er ein av dei 143 som måtte evakuerast frå Flåm tysdag kveld. Brekke og familien hennar med to små barn håpar at dei snart får kome heimatt til den flaumskada bygda.

Les meir om korleis innbyggarane i Flåm opplevde øydeleggingane.

Arild Borlaug mista hus og bil i flaumen i Flåmselvi. Han rakk akkurat å hente ut nokre eigendelar før han kom seg ut av huset.

– Eg visste ikkje heilt kva eg skulle ta ut. Eg tok med ein harddisc med bilete, andre ting kan vi erstatte, seier Borlaug.

Her kan du lese historia om korleis det var å stå og sjå på medan alt familien eigde blei tatt av den brutale Flåmselvi.

– Eg stod i glaset og høyrde at det ramla og romla i elva, og skjønte raskt at det var mykje verre enn vanleg. Eg følte elva vart demd opp, og plutseleg kom det eit stort ras, som eit lavautbrot. Det berre rann ned og så kom vatnet, fortel Brita Einemo Zwart til NRK onsdag morgon.

Mykje materialer har hamna i fjorden langs E16 mellom Aurland og Flåm.

RUSK OG RASK: Mykje materialar har hamna i fjorden langs E16 mellom Aurland og Flåm. Foto: Oddleif Løset.

Tysdag vart det dramatisk då vatnet i elva fløymde over i Lærdal, og over 30 personar måtte evakuerast.

Her kan du få ei oversikt over skadene flaumen har gjort i Lærdal.

– Det var eit yngre par som bur lengre framme i dalen og som var på veg til meg. I det dei passerer denne garden såg dei at han sat i bilen sin, og huset var vekk. Han var nett ute for å flytte på bilen, og medan han var ute så fôr huset.

Det fortel Odd Lothe Ohnstad, som tok imot den eldre mannen som berga livet fordi han gjekk ut og flytta bilen. Huset vart nemleg tatt av elva medan han satt i bilen.

Her kan du sjå fleire bilde av flaumen sine herjingar.

Slik ser det ut i Lærdal etter flaumen som herja og førte til at 31 personar var evakuert.

Foto/Redigering: Heidi Lise Bakke