NRK Meny
Normal

Sjå dokumentaren om den truga villreinen

NRK har følgt tre reinsdyrflokkar i Sunnfjord gjennom fire årstider.

Visste du at villreinen lever i eit tjuetals fjellområde også i Sør-Norge? Ut i naturen har vore tett på villreinen i Sunnfjordfjella i Sogn og Fjordane i tre år. Gjennom lange vintrar, vår og kalvingstid, varme somrar og sterke vestlandshaustar med reinjakt og paringstid, får du nærmøte med den vestlegaste villreinen i landet. For fyrste gong er det no forska skikkeleg på desse små norske villreinflokkane. Er desse små flokkane med vakre dyr verkeleg liv laga i framtida?

VIDEO: Fersk forsking viser no at dei mange små villreinflokkane her i fylket og andre stader i landet går ei svært usikker framtid i møte.

Visste du at det er mykje villrein i Sogn og Fjordane? Både Nordfjord, Sunnfjord og Sogn har eigne villrein-flokkar. Dette er Europas vestlegaste villrein.

Du får vere med på reinsjakt, paring, kalvingstid, varm sommar for reinen i vest, og snørik vinter på karrig fjellbeite.

Harald Kolseth

HAR FØLGT REINEN: Programansvarleg Harald Kolseth har brukt tre og eit halvt år på å dokumentere livet til villreinen.

Foto: Johan Moen / NRK

– Dette er blitt eit vakkert fjernsynsprogram om reinsdyr og natur her vest, seier programansvarleg Harald Kolseth.

Men fersk forsking viser at dei mange små villreinflokkane her fylket og andre stader i landet går ei svært usikker framtid i møte.

Eit av spørsmåla i dokumentaren, er om styresmaktene gjev desse små flokkane ein sjanse til å overleve.

– Dette er nok første gong det vert laga eit samla oversyn over villreinen i og kring fjordfylket, seier Harald Kolseth.

Villrein i Sunnfjord
Foto: Johan Moen / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.