NRK Meny
Normal

Sjå direkte: SommarLutt 2017 frå Nordfjordeid

Fredag klokka 13.00 er det klart for NRK sin SommarLutt-konsert på Jyplingscena i sentrum på Nordfjordeid.

SommarLutt 2017 frå Nordfjordeid

– Dette er ei talentscene kor vi visar fram nye talent frå fylket. Her vil det stå mange musikarar på scena, som publikum ikkje har sett før, fortel Stian Sjursen Takle frå NRK Sogn og Fjordane. Han skal leie konserten saman med Gro Ravnestad.

Dette er niande gongen NRK og Malakoff samarbeider om ein konsert under rockefestivalen. Eit knippe nye, unge talent, som søkte om å få delta, har blitt plukka ut til å spele på konserten.

Den beste framføringa under konserten blir premiert med eit stipend på 15 000 kronar. Det er ein jury som skal velje ut kven som blir vinnaren av stipendet.

SommarLutt-konserten blir sendt direkte på radio og nett. For alle som er i området er det berre å møte opp, konserten er gratis.

Stian Sjursen Takle seier det lovar bra for framtida, med så mange unge, flinke musikarar.

– Ut ifrå det eg har høyrt så er det veldig bra nivå, så dette kan publikum glede seg skikkeleg til, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.