- Saka vert oppdatert.
SISTE: Florø-spelar Christer Husa var først uheldig og heada ein corner frå Gilbert Koomson i eige mål, men få minutt etter parkerte Rashad Muhammed heile Sogndal-forsvaret og sette inn utlikninga til 1–1. Fem minutt seinaren sende Monir Benmoussa heimelaget i føringa.
For andre gang i historia møter Florø storebror Sogndal til cupkamp. Sist var førsterundekampen i 2012, då Florø sjokkerte og vann 3–0. Sidan den gongen har Florø rykka opp frå tredje- til førstedivisjon medan Sogndal framleis er i eliteserien.
Lagoppstillingane ser slik ut:
Florø (4–3–3): Nicklas Frenderup – Christer Husa, Runar Hove, Vegard Gjermundstad, Christopher Lindquist – Luc Jeggo, Stefans Aase, Erlend Hove – Rashad Muhammed, Endre Kupen, Monir Benmoussa.
Sogndal (4–4–2): Mathias Dyngeland – Taijo Teniste, Per Magnus Steiring, Espen Næss Lund, Ulrik Fredriksen – Gilbert Koomson, Eirik Birkelund, Chidiebere Nwakali, Lars Christian Kjemhus – Bendik Bye, Martin Ramsland.
Les også desse sakene: