Når dei andre syklar på tohjulsykkel, syklar han på sparkesykkel. Det synest Simon Elias er dumt og no vil han prøve hardt på å lære seg å sykle, sjølv om han er redd for å tryne skikkeleg.
I dokumentarserien «Klart eg kan» møter du barn som viser korleis dei meistrar store og små utfordringar i livet.
Serien har vore veldig populær på NRK Super sine nettsider, og tysdagar klokka 18.25 på NRK Super får du møte barn som skal lære seg noko nytt i den nye sesongen.
Klart eg kan treng tips om nye modige barn. Kjenner du nokon mellom 4–8 år som har eit mål dei vil nå? Send tips og bilete til sf@nrk.no.
1: Vågar Even (6) å hoppe?
Even Bjørkhaug (6) frå Førde har lyst å hoppe frå 5-meteren. Heile familien hans gjer det, men Even har ikkje turt.
Han øver seg på å tole høgde og fart i klatreveggen og i ein klatrepark. Til slutt reiser han tilbake til bassenget for å sjå om han endeleg vågar å hoppe utfor.
2: Noah (7) vil lage song mot mobbing
Noah Christensen Leirstein (7) frå Bergen skriv songar heilt sjølv og likar å synge dei framfor publikum. No har han bestemt seg for å skrive ein song om vennskap.
Noah synest ikkje det er greitt å mobbe. Han vil lage ein song til klassen sin om temaet og gje dei ein CD kvar. Han er veldig spent på om klassen vil like songen og om han hugsar teksten når han skal framføre den.
- Les også:
3: Aleksandra (8) skal drille på stort stemne
Aleksandra Sandvik (8) frå Florø øver masse i lag med drillgruppa si. Ho skal nemleg vere med på eit stort drillstemne.
Der må ho hugse mange trinn og alltid vite kor ho skal stå, men det viktigaste er at ho må smile heile tida. Vil ho klare å hugse det?
4: Jonah (7) er «ekspert» på krypdyr
Jonah Stene Andersen (7) frå Bergen er ofte i lag med pappa på jobb på akvariet. Han elskar å hjelpe til med å mate krypdyra og fiskane.
No er det fødd mange små krokodillebabyar. Jonah vil bygge eit nytt bur, slik at dei kan vekse seg store der. Men vil krokodillane like seg i det nye buret?
5: Ruth (6) skal gå på ski – og skyte på blink
Ruth Victoria Halsteinslid (6) frå Eid er med på NM i skifeltskyting og skal treffe blinkar som er 100 meter unna.
Nesten alle i familien til Ruth driv med ein idrett som heiter skifeltskyting. Ruth vil og prøve, men då må ho øve og øve for å klare to ting samtidig: Å gå fort på ski og treffe blink med gevær. Det er veldig vanskeleg.
6: Erian (7) vil styre store båtar
Erian Vilnes Førde frå Førde har ein bestefar som eig mange store lastebåtar. No håpar Erian at han skal få lov til å styre ein av båtane.
7: Ariell (7) drøymer om å delta på skirenn
Ariell Savland (7) frå Førde har lenge drøymt om å vere med på eit skirenn og endeleg har ho bestemt seg for prøve.
Ho leikar masse ute, og aller helst likar ho å ake og stå på ski. Men Ariell er lam i beina og klarar ikkje å gå, difor brukar ho piggkjelke når ho skal på ski.
8. Klarar Karoline (7) å trene opp eit rampete føl?
Karoline Løken-Nesthun (7) frå Eid får vere med når eit føl vert fødd heime på garden. Følet skal ho trene opp til å vere med på ei hesteutstilling.
Dette vert Karoline si første hesteutstilling, men den rampete folen, som heiter Leik, vil berre tulle og tøyse. Korleis skal det gå, når ho skal få han til å stå i ro framfor strenge dommarar på hesteutstillinga?
9. Lea (6) har replikkar for første gong
Det kjekkaste med teater er å kle seg ut og sminke seg, tykkjer Lea Losnegård Pedersen (6) frå Stongfjorden.
Heime i stova har Lea sitt eige dokketeater og ho likar å ha framføringar for familien. No skal ho vere med i eit ekte barneteater for første gong.
Lea har aldri hatt replikkar før og gruar seg til å seie dei høgt framfor publikum. Ho øver masse for å bli trygg på det ho skal seie.
10. Sissel inviterer til cowboyfest
Sissel Ulvestad (7) frå Feios elskar å leike cowboyleikar. No vil ho invitere heile barneskulen på cowboyfest i hagen.
Alle må ha på seg cowboyklede på festen til Sissel. Ho må planleggje festen sjølv og har mykje å gjere før gjestane kjem. For at festen skal bli bra, må ho rekke å gjere alt i tide.
Vi blir med Sissel på butikken, når ho planlegg leikar og bakar kake.
7-åringen håpar at alle vil komme, at dei har kledd seg ut og at dei likar festen hennar.
11. Sol lærer seg kart
Sol Eikeseth Klakegg (8) frå Førde driv med orientering. No har ho bestemt seg for å gjennomføre eit løp, heilt utan å få hjelp frå pappa.
Sol likar orientering fordi ho kan springe ute i naturen og leite etter postar som er gøymde. Til vanleg er pappa alltid med, slik at han kan hjelpe ho med å finne rett veg på kartet.
Men no vil Sol lære seg å bruke kartet sjølv slik at ho kan gå åleine. Men ho tykkjer det er vanskeleg, og så er ho litt redd for å gå seg vill.
- Les også:
- Les også: