Hopp til innhold

Sjå og høyr isen bli pulverisert som «slush»

Kristin Sveum skulle måle gjerdet på campingplassen. I staden enda ho opp med å sitje i vasskanten og nyte det svært spesielle naturfenomenet.

SJÅ VIDEO: Her kan du sjå video av issmeltinga.

Dei første turistane er like rundt hjørnet. Sist torsdag dreiv Kristin Sveum med litt vedlikehaldsarbeid i solskinnet før ho snart opnar campingplassen i Oldedalen i Stryn.

– Eg heldt på med å måle gjerdet på campingplassen då eg høyrde ein lyd som minna om glas som vart knust. Eg skjøna ikkje kvar denne singlelyden kom frå, så eg gjekk etter lyden for å finne ut av det, fortel Sveum, som eig og driv Olden Camping Gytri saman med ektemannen.

Tusenvis av iskrystallar

Og ho fann fort ut kvar lyden kom frå. Svaret fekk ho nede i vasskanten på det idylliske Oldevatnet. Sola hadde nemleg fått fart i issmeltinga, og vatnet pressa tusenvis av små, pulveriserte iskrystallar mot land.

– Alle krystallane var heilt blanke og heilt like, kring fem centimeter lange, forklarar Sveum.

Sat ved vatnet i ein halvtime

Ho ser ikkje bort frå at folk som har budd lenger enn henne i dalen har sett dette før, men for hennar del var det i alle fall første gongen.

– Eg har aldri sett noko liknande. Normalt plar isen bryte opp i store isflak som vatnet pressar mot land, seier Sveum.

– Det var utruleg flott og fasinerande og sjå på, seier ho.

Olden Camping

IDYLL: Olden Camping Gytri i Oldedalen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sveum vart så bergteken at ho gløymde heile målearbeidet. I staden vart ho sitjande å sjå utover vatnet.

– Eg sat sikkert ein halvtime, det var så fasinerande, ler Sveum.

Hit på Facebook

Heile fenomenet var over i løpet av ein times tid, før dei meir vanlege isflaka dukka opp. Sidan ho var åleine om å få nyte fenomenet, fann ho det best å filme den litt spesielle isbrytinga på Oldevatnet.

Filmen har ho delt på Olden Camping Gytri si Facebook-side. Og det er tydelegvis fleire som har late seg imponere av synet. Då NRK snakka med Sveum søndag føremiddag hadde videoen passert 20 000 visingar.

– Det er tydeleg at fleire har late seg fasinere, seier Sveum.