NRK Meny
Normal

Sjå den voldsomme vinden herje ved kysten

Kraftige vindkast har ikkje skremt ivrige amatørfotografar frå å liste seg ut dørene. Her kan du sjå bileta som viser kor sterk vinden bles i dag.

Sterk vind på Bulandet

Ei av dei som hadde våga seg ut i stormkasta var Torunn Kvaløysund frå Halsøyhågen i Bulandet i Askvoll.

– Eg klarte ikkje stå oppreist og heldt på å miste pusten oppå der, fortel ho.

Ho hadde ikkje noko anna ærend ute enn at ho ville sjå korleis vêret herja med eigne auge. Men som kystfolk flest er ho van med at det bles.

– Storm er det no rett som det er, så vi tek det ganske med ro, seier ho.

Utover at det er vanskeleg å halde seg på beina, har dei på Bulandet ikkje høyrt noko om at vinden har gjort skade.

– Det er berre å trygge båtane skikkeleg og sikre det som ligg utforbi, så går det veldig bra, seier Kvalsøysund.

STERK VIND: Håkon Rutledal Jensen kjenner på naturkreftene på Halsløyhågen i Bulandet. (Video: Kurt Rutledal)

HEFTIG I KASTA: Også på Isane i Bremanger bles det kraftig. (Video: NRK.no-tipsar)

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.