Hopp til innhold

Sjå den pensjonerte trappesnikkaren kuppe sendinga

Roy Aron Myklebust har i det siste året hatt eit gjennombrot som revyartist. Men då vi inviterte han til studio, var det alteregoet som kuppa mikrofonen.

Roy Aron Myklebust har lagt bak seg eit latterleg år med mange gjeve prisar. I dag vitja han studio som den pensjonterte trappesnekkaren og småbrukaren Gudvald.

IKKJE VOND Å BE: Den erketypiske nordfjordingen Gudvald og karakterskaparen Roy Aron Myklebust var i går på besøk i sendinga vår. Her ser du kva som skjedde.

– Heisann, hoppsann, Gudvald her, pensjonert trappesnikkar og småbrukar. Slik let det som regel når Roy Aron Myklebust kler på seg den blå boblejakka og felleskjøpcapsen, og trer inn i rolla som Gudvald.

Og slik let det då sistnemnde i går kuppa sendinga i skaparen sitt fråvêr.

I fjor haust vann Myklebust fleire prisar på den regionale revyfestivalen i Fitjar. Det førte han til han etterkvart til revyeliten sitt show i Olavshallen i Trondheim, som ein av 22 finalistar frå Norsk Revyfestival.

Gudvald

MOROMANN: Slik ser det ut når Roy Aron Myklebust inntek scena som nordfjordingen Gudvald.

Fire førestillingar med nær 1200 menneske i salen vart eit førebels høgdepunkt i karriera. Men ikkje utan nervar.

– Når eg reiser rundt i eige nærområde så har eg ei viss kjensle for kva som fungerar og ikkje. Men med ein gong eg er utanfor fylkesgrensene, så kjenner eg ei ekstra pirring i magen, fortel Myklebust.

Interessa for humor vakna allereie då han gjekk i første klasse. Han oppdaga fort at han fekk respons då han prøvde å vere morsom på skuleframsyningane.

– Det var vel gjerne der at eg vart bitt av basillen, seier Myklebust

Seinare har det blitt både russerevyar og lokale førestillingar. Men det er først i år det verkeleg har teke av.

– Det er litt rart å kalle det eit gjennombrot når eg nærmar meg 38 år. Snart slepp eg å kle meg ut, seier Myklebust.