Hopp til innhold

Sjå den nye politiuniforma

Etter å ha patruljert 20 år i den gamle skinnjakka, har politiet no fått seg nye jakker.

Den nye politiuniformen

TREDELT: No har politiet tre jakker å variere mellom, ettersom kva slags vêr det er. Ei dunjakke, ei softshell-jakke og ei gore-tex-jakke. Alle er med i bilen når Kristine Skilbrei er ute og patruljerer.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Så langt er vi veldig nøgde. Jakkene er meir funksjonelle enn den gamle, seier politibetjent Kristine Skilbrei i Førde.

I mai blei dei nye politijakkene lufta for første gong i Oslo, og tidlegare denne veka kunne ein sjå politiet i Hordaland i ny drakt. No blir den gamle skinnjakka borte frå gatene også i Sogn og Fjordane.

Stor skilnad

Den gamle skinnjakka til politiet

STIV: Den gamle skinnjakka var varm, klumpete og stiv.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK
Den nye politijakka

FUNKSJONELL: Kristine Skilbrei seier den nye jakka er meir funksjonell.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Skilbrei seier den 20 år gamle skinnjakka var varm, tett og klumpete å ha på seg. Rett og slett vanskeleg å bevege seg i.

Den nye uniformsjakka kjem i tre delar, så politiet kan ruste seg for all slags vêr. Skinnjakka var nemleg ikkje så praktisk for Vestlands-politiet ettersom den ikkje var vasstett.

– Dei nye er vasstette og vindtette, og den har ulike luftemoglegheiter. Det hadde ikkje skinnjakka, seier ho.

Meir moterett

Kristine Skilbrei har allereie fått ha på seg gore-tex jakka si ute på gatene, og har seier publikum har komme med mange positive kommentarar til det nye «antrekket».

– Folk seier den er veldig fin og meir moterett enn den gamle. Eg synest også den ser bra ut. Den liknar ei jakke ein kunne kjøpt seg privat, seier ho.

Den gamle politijakka

DESTRUERT: Lensmannen i Førde samlar no inn dei gamle jakkene. Dei blir sendt inn, klipt opp og destruert så dei ikkje kjem på avvege.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK