Hopp til innhold

Kameratane kjeda seg - så då bygde dei ein flytande sofa på vannski!

Dette har du knapt sett maken til før. Tre kameratar i Dale i Sunnfjord kjeda seg og bygde ein flytande sofa med vannski. No susar dei rundt på Dalsfjorden i høg fart!

Det finst mange måtar å driva sjøsport på. I går såg me folk frå Havsportveka som prøvde å ta seg ut i nordsjøen på brett. Men det finst andre og kanskje meir behagelege måtar å leika seg på sjøen på.

ELLEVILT: Sjå TV-saka frå Vestlandsrevyen fredag kveld om dei tre kameratane som har bygd sin eigen flytande sofa på vannski!

Dei har mildt sagt vekt merksemd for farkosten. Sofasurfing på høgt nivå, meiner dei fire kameratane Gard Arnstein Nedrebø, Ole Løseth, Simon M. Haaland og Tommy A. Holm.

– Det byrja med at vi såg ein video på nettet og fann vi ut at dette skal no vi prøve også. Vi ville han den til å flyte, og det fekk vi til. Byrja i grunn med eit kaffibesøk. Ikkje så mange vi har sett som har gjort det før, fortel Gard Arnstein og ler.

Kameratane fortel at det vanskelegaste igrunn var å skaffe sjølve sofaen, men til alt hell skulle mor til den eine kvitte seg med møbelet - og då var vegen kort til at dei sette gong med bygginga.

– Vi ribba heile undersida, så fylte vi den med tomme kanner som vi har fått rundt om for å få best mogleg oppdrift. Der vi ikkje har kanner, der har vi isopor. Så har vi køyrd på med byggskum. Sponplater ytterst, så er det ei takrenne her så ikkje det skal bli så kvass kant. Ei motorplate frå ein 87-modell Mercedes Benz 190. Så er det vannski og nokre plater, fortel dei glade kameratane.

– Satsar de på at dette blir ein sport for mange no?

– Trur ikkje det blir ein sport for å seie det sånn. Men vi har lyst å prøve med større sofa neste gang, fortel Gard Arnstein.

Det var avisa Firda som først omtalte saka.