Hopp til innhold

Sjå dei spektakulære bileta frå NM i undervassfoto

NM i undervassfoto høyrest kanskje ikkje ut som ein publikumsmagnet. Og som arrangørane skriv i pressemeldinga – det er det heller ikkje.

NM i undervassfoto
Foto: Anders Schouw

Men resultatet frå konkurransen er vel verdt ein ekstra kikk. Sjekk dei fantastiske bileta i galleriet over!

I Gulen i helga var det duka for eit NM litt utanom det vanlege. Dei femten deltakarane hadde to dagar og fire dykk til å levere sine beste bilete i fem ulike klassar.

Roy Dahl i Norges Dykkerforbund seier eit godt undervassbilete må vere teknisk bra og godt komponert, samstundes som det helst viser noko uvanleg. Utfordringane er stort sett dei same som på land.

– Den store forskjellen er tida du har til rådvelde. I skogen eller på fjellet kan du sitte i timevis og vente på eit motiv. Under vatn kan du normalt opphalde deg halvannan time om gangen, seier han.

Samanlagtvinnaren vart Einar Yohsuke Kosaka frå Oslostudentenes Idrettslag.

– Han er relativt ny og hadde ei svært dårleg plassering i fjor. Men i år vann han, seier Dahl.