Uveret er på det sterkaste akkurat no. I Hordaland er kring 6 000 abonnentar utan straum, og over tusen abonnentar er straumlause i Sogn og Fjordane. Det er store problem i ferjesambanda og det er venta høg flo i 21-tida i kveld.
- Les også: Ekstremvêret «Urd» er i gang
- Les også:
Sterkast i kveld
I Nordsjøen er det allereie målt vindkast på 40 meter i sekundet. Vinden som utover kvelden sler innover land er venta å vere mellom 35 og 45 meter i sekundet.
Meteorologane melder at ekstremvêret «Urd» vil vere på det verste mellom klokka 18 og 20. Det vil venteleg blåse kraftig vind utover kvelden, og kanskje utover natta.
- Les også: Fleire flyplassar stengt på Vestlandet
Vinden kan også ta godt inn i landet.
– Eg oppmodar alle om å halde seg innandørs, og bu seg godt slik at ein slepp å gå ut i stormen når den slår til for fullt i ettermiddag, seier ordførar Frida Melvær (H) i Askvoll.
Askvoll bur seg
Sjølv skal ho oppleve stormen eit 120 år gamalt tømmerhus på Bulandet, ei av dei ytterste øyane i kommunen.
- Les også: Ekstrasending om uvêret på NRK P1
– Vi har hatt kontakt med politi og Statens vegvesen for å få informasjon og gi informasjon. Vi har fått melding om at vegane blir stengde, og set i verk dei rutinar vi skal, seier Melvær.
Sikrar båtane
På klubbeneset i Florø har båtfolk møtt opp for å passe på at båtane deira er godt nok sikra.
– Vi har gjort mykje førebuingar i forkant, så eg trur det går bra, seier Jan Bøen, som har ein trebåt liggande i småbåthamna.
Han har høyrt om målingar som seier 53 knop, og ventar at det vil auke.
– No går vi ikkje ut på flytebrygga, det går ikkje no. Det er òg sperra av brannvesenet, så det er heilt uaktuelt, seier Bøen.
Utvidar beredskap
Melvær seier at kommunen rustar seg for det som ventar.
– Vi «hentar heim» legevakta til Askvoll, forsterkar heimetenestene i krinsane og har kontakt med brannkorps og brannvern og utvidar beredskapen i uteseksjonen, seier Melvær.
Ordføraren ventar at den største utfordringa vil vere telefonsamband, men opplyser at brenndepot i alle krinsar har telefonar som er knytte opp mot naudnettet.
- Les også: Sjå korleis Urd treffer Norge
– Vi har erfart at Kvammen-området kan vere ei større utfordring enn vi har tenkt og trudd i utgangspunktet. Vinden tek hardt og vi har utfordrdingar med kommunikasjon, seier Melvær.
– Mindre enn «Dagmar»
Ved Kråkenes fyr har fleire skuelystne samla seg for å sjå bølgene og ta bilete.
Fotograf Torfinn Kråkenes har tatt seg ut til fyret for å fange bilete av bølgene og vinden. Han var òg ved fyret då «Dagmar» herja, men han meiner bølgene no er mindre.
– Under «Dagmar» gjekk bølgene heilt opp til fyret her, men no går dei halvparten så høgt, seier Kråkenes.
Høge bølgjer
Det er venta høge bølgjer, på 11-13 meter frå Lindesnes til Stad. Både politiet og meteorologar åtvar folk mot å gå ut for å sjå på bølgjene.
I det heile oppmodar politiet folk om halde seg innomhus.
– Vinden er så sterk at det er fare for skade på bryggjer og anna i kystsona. Dessutan kan takstein og takplater blåse av hus, seier Skare.