Fanatisk vêr og fine forhold i fjellet skapte dei perfekte kulissane for det første randonee-rennet i fjella rundt Stryn vinterski.
Det var til saman 83 deltakarar på Stryn Rando 3000. Her frå starten i konkurranseklassen der 32 løparar var med.
Start og mål var på same plass ved Stryn vinterski. Her ventar dei spent på første mann og kvinne over målstreken.
Rennleiar Kåre Tonning gjorde eit småfrekt veddemål i går. Her ventar han på svar på om han må kaste kleda ut året.
Lars Eirik Skjervheim frå Voss siglar inn over målstreken til tida 2:56:59.
Ein glad vinnar i konkurranseklassen, Lars Eirik Skjervheim.
Pappa til Lars Eirik Skjervheim, Lars Skjervheim, venta i målområdet. Han er svært stolt over det sonen får til.
Ein godt nøgd Lars Eirik Skjervheim etter målgang.
Renneleiar og dagleg leiar ved Stryn vinterski, Kåre Tonning.
Hanns Stögner frå Austerrike gjekk inn til bestetid i den litt kortare løypa, med tida 2:40:11. Den litt kortare løypa gjekk over Smpegga, Natakupa, Hestefjellsnibba og Karifjellet.
Talsmann for arrangementet, Johan Olai Svidal.
Lars Eirik Skjervheim får ein velfortent klapp på skuldra av pappa Lars Skjervheim.
Lars Eirik Skjervheim.
Lars Eirik Skjervheim saman med vinnar i dameklassen, Hildegunn Gjertrud Hovdenak, frå Romsdal Randonee. Ho kryssa målstreken etter tre timar, 45 minutt og 34 sekund.
Vinnar i dameklassen, Hildegunn Gjertrud Hovdenak frå Romsdal Randonee.