NRK Meny
Normal

Sjå den direktesende debatten om kommunane og grunnskulane

Torsdag vert det direktesend debatt om kommunane og grunnskulane i Sogn og Fjordane. Kanskje får du nokre svar som gjer det lettare for deg å finne ut kva du skal stemme på valdagen?

Val2013: Skuledebatt i Sogn og Fjordane

SJÅ DEBATTEN: NRK.no streamer debatten. Du kan sjå direkte her.

– Det er to store tema som skal debatterast på ein time, seier NRK-programleiar Gro Ravnestad.

Ho skal vere ordstyrar når politikarane barkar saman i debatt på Sunnfjord hotell torsdag. Debatten er del av eit arrangement som Utdanningsforbundet har på hotellet denne dagen. NRK står som arrangør av sjølve debatten.

– Det blir utfordrande å få politikarane til å halde seg konkrete, samtidig som tida er knapp. Men eg gler meg, seier Ravnestad.

Kanskje blir valet lettare?

Sveinung Rotevatn (V), Frank Willy Djuvik (Frp), Jenny Følling (Sp), Vibeke Johansen (SV), Ingrid Heggø (Ap), Norunn Lunde Furnes (KrF) og Bjørn Lødemel (H) er klare til å debattere framtida for kommunane og grunnskulane.

I tillegg til at du kan følgje debatten her på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane direkte, kan du også høyre debatten direkte i NRK Sogn og Fjordane si ettermiddagssending mellom klokka 15 og 16.

– Mange er usikre på kva parti dei skal stemme på i år. Håpet er at debatten torsdag kan gjere valet litt klarare. Dei to temaa som vert tekne opp, rører ved alle i fylket på ein eller annan måte. Litt temperatur skadar heller ikkje, seier Ravnestad.

Marsdal skal innleie

Ho håpar politikarane er skjerpa og klare for debatt.

Magnus Marsdal, som er forfattar, journalist og samfunnsdebattant, skal innleie debatten. Han vil ta føre seg utviklinga for kommunane dei siste åra, og stiller spørsmålet: Er velferd viktigast for den raudgrøne regjeringa?

Svaret får du, viss du høyrer debatten.

Vegopning på Bergum i Førde kommune