Hopp til innhold

Bli med på helikoptertur i den nye Sognaheisen

Om berre ein månad skal den nye skiheisen til Sogn skisenter stå klar. Sidan byggeløyvet kom i sommar har det vore hektiske aktivitet på anlegget.

Sognaheisen opna om litt og gir 60% meir skiterreng å boltre seg i. Sjå den nye traseen frå lufta. Foto: Øystein Veum

ANLEGG: Helikopteret tek deg med på omvising i den nye skiheisen ved Sogn skisenter, ein månad før anlegget skal stå ferdig.

– Vi er godt i rute, og sidan byggeløyvet kom på plass har det skjedd veldig mykje. Det ligg an til ferdigstilling 15. november, som var planen, seier styreformann for senteret, Øystein Veum.

Øystein Veum

SPENT: Styreformann for skisenteret, Øystein Veum gler seg til det nye anlegget kan opne. No ventar dei berre på snø og kuldegrader.

Foto: Håvard Nesbø / NRK

I sommar fekk skisenteret på plass siste del av finansieringa til det nye anlegget og ein kunne gå i gang med bygginga. Den nye heisen vil opne opp eit stort område kring fjellet Modvo, eit område mange ser på som særs veleigna for frikøyring. Med heisen på plass trur styreformannen at anlegget vil skilje seg frå andre anlegg i fylket.

-No vil vi ha noko for alle. Vi har brukt to år å avgjere korleis heisen skulle vere, nettopp av den grunn. Vi vil treffe heile familien, eldre, yngre, ekstremkøyrarar og andre, seier han entusiastisk.

Av dei lengste i Skandinavia

Når dei lengste løypetraseen står klar kan skikøyrarar ta seg seks kilometer nedover i eit samanhengande løypenett, utan å måtte sette seg i heisen igjen. Frå 1000 meter over havet og ned mot Hafslo i Luster kan skikøyrarane boltre seg.

Styreleiaren lovar mykje laussnø, bratt lende og klippeterreng for dei mest vågale og enklare, slakkare løyper for dei som ynskjer og treng det.

Store maskiner og krefter er i sving når ein ny skiheis skal byggast.

ARBEID: Store maskiner og krefter er i sving når alt skal kome på plass i samband med den nye skiheisen i Luster.

Foto: Øystein Veum

– Vi er veldig spente på korleis det blir. Dei ivrigaste skikøyrarane som gler seg aller mest går berre og ventar på at snøen skal kome slik at vi kjem i gang, fortel Veum.

Sidan i sommar har ivrig dugnadsgjengar ordna og arbeidd i bakken for å få ting på plass. Anlegget har så å seie vore uendra sidan det opna på 80-talet, og mange ser fram til nyopninga.

Trur på gode inntekter

Anlegget kostar kring seks millionar kroner, der fire millionar kjem i form av lån og stønad frå Luster kommune. Ein million har banken stilt opp med, resten kjem frå anlegget sitt eigenkapital. Å drive skianlegg vil sjeldan vere ei føreseieleg affære, men i Sogn har dei trua på at dei skal klare seg godt.

– Risiko vil det alltid vere, men vi har hatt eit stabilt sal av årskort, som er inntektsgrunnlaget vårt. Vi har gode avtalar med bank og kommune, og dei støttar oss. Vi trur også at med det nye tilbodet kan lokke til oss fleire dropin-gjestar, helge-, påske- og vinterferiebesøk, seier Veum

I samband med utbygginga har senteret også fått på plass røyrgater som skal sikre betre vassforsyning til å produsere kunstsnø. No ventar dei berre på kuldegrader og snø i Sogn.

– Nesten all betongflyging er ferdig, neste veke blir det masteflyging og så er det godkjenningar. Det er nokre hektiske dagar, men vi har effektive dagar, så vi kjem nok i mål, trur Veum.