Hopp til innhold

Sjå blinkskota frå Våt Moro – festivalsjefen seier ein ny tradisjon er fødd i Florø

Alt stemte då årets Våt Moro-festival var arrangert i Florø. – Me er glade i tradisjonar her i byen, og dette skal bli ein av dei, seier ein lukkeleg festivalsjef.

Sjølv om det er ei god stund att av sommaren endå, så skal det nok mykje til å få ei finare og varmare veke enn det har vore no.

Det gjorde at folk farta til hamneområdet i Florø i hopetal for å få med seg årets Våt Moro-festival, som er den tredje i rekkja.

– Trur han der oppe likar Våt Moro

Fredrik Johan Helland

FESTIVALSJEF: Fredrik Johan Helland.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

– Det har vore heilt fantastisk. Me har hatt utruleg mange besøkjande, både på aktivitetane og på kveldstid, seier festivalsjef Fredrik Johan Helland.

Vêret har vore midt i blinken for ein festival av dette slaget. Det har vore varmt, sol og lite vind. Sjølv om det kom nokre regnbyer laurdag kveld, sette ikkje det ein dempar på stemninga, og det gav seg veldig raskt.

– Det byrja å regne litt i 21-tida, og den neste timen var det nokre «fine» regnbyer.

– Eg såg ei TV-gudsteneste i jula, og eg trur eg fekk god kontakt med han der oppe, for klokka 23 var det heilt blå himmel att! Værgudane, eller værguden, alt ettersom, trur eg er fan av Våt Moro, gliser Helland.

Truls Kleiven i tandemparaglider over Florø på Våt Moro-festivalen 2014

SJÅ VIDEO: Her svevar Truls Kleiven over Florø i paraglider. Sjå den fantastiske utsikta i videoen. Og, ikkje minst, latterkrampa på slutten.

– Komen for å bli

Florø er ein tradisjonsrik by som er veldig glade i, ja nettopp, tradisjonar. Kjippen og sildebordet for å nemna eit par av dei, og Helland er fast bestemd på at Florø no har fått seg endå ein tradisjon.

– Ein seier vel det at blir det arrangert meir enn tre gonger, då er det ein tradisjon. Og for å seia det slik, dette blir ikkje siste gongen.

– Det var over 1000 ungar i barneparken laurdag. Jentene som stod bak det arrangementet har fått veldig mykje skryt, og det med rette, for dei gjorde ein kjempejobb, seier han.

Ulukke lite skår i gleda

I går skjedde det ei paragliderulukke i Florø. Turen det gjekk gale på var ikkje i regi av festivalen, men festivalleiinga aktiverte beredskapsgruppa.

– Me skulle sjølvsagt vore forutan den ulukka, men heldigvis går det bra med vedkomande no, seier Helland.

– Våre gutar reagerte slik dei skulle og drog ut for å hjelpe i arbeidet, og det var godt å sjå at det fungerte.