VALSKO: Arnstein Menes (Sp) frå Balestrand er ordførarkanditat i nye Sogndal kommune. – Skoa er kjøpte på ein studietur i Italia med edd tanke på store anledningar, seier han.
VALVAKE: NRK sender direkte frå Sunnfjord hotell i Førde, der mange politikarar er samla. Her er Olve Grotle (H) og Jenny Følling (Sp) klare til å bli interjvua av Håvard Heggen.
EID: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), er klar for ein spennande valkveld. Kven blir ordførar i Stad kommune?
VALVAKE: Mange er samla på Sunnfjord hotell for å følgje stemninga utover kvelden.
VIL STYRE: Jenny Følling (Sp), Helge Robert Midtbø (Ap) og Olve Grotle (H) er alle ordførarkandidatar i Sunnfjord kommune.
PÅ MC: Tonje Norheim Tangerud (Ap) står på 28. plass på Ap-lista i Sogndal kommune.
VENTAR SPENT: Valvake på Sunnfjord hotell
ORDFØRARKANDIDATAR: Atle Hamar (V), Olve Grotle (H) og Helge Robert Midtbø (Ap) vil alle styre Sunnfjord kommune.
MDG: Lene Damstuen Forthun er 5. kandidat og Ståle Loftesnes er 1. kandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i nye Sogndal kommune.
BÅTVEGEN: Røystene frå Vågsøy kommune skal sendast med båt frå Måløy til Florø.
PÅ VEG: Røystene på veg med båt frå Måløy til Florø
SPENTE: Jenny Følling og Oddmund Klakegg frå Senterpartiet, dei står på dei to øvste plassane på Sp-lista i Sunnfjord kommune.
GLEDE: Ap-jubel på valvake i Førde då resultatet frå Årdal kom.
SPENTE Siri Sandvik (Ap), Paul Jakob Helgesen (SP) og Alfred Bjørlo (V) ventar på resultatet i Stad kommune.
MØTE: Senterpartiet og Arbeidarpartiet på veg inn på eit konferanserom.
KNUSANDE SIGER: enterpartiet er den klare valvinnaren i nye Sogndal kommune med heile 43,2 av røystene. Her er Arnstein Menes (Sp) saman med Vibeke Johnsen (SV).
BRAKVAL: Arbeidarpartiet har gjort eit brakval i Lærdal og etter alle solemerke blir Audun Mo ny ordførar.
SP: Glede i Sp-leiren på valvaken i Førde.
ORDFØRARKANDIDAT: Atle Hamar frå Venstre ventar på resultatet i Sunnfjord kommune.
SV OG RAUDT: Åsmund Berthelse frå SV saman med Páll H. Hannesson og Magnar Falkenstein frå Raudt.
VENTAR: Venstre på valvake på Sunnfjord hotell.
RAUDT: Per Bjarne Ørjansen og Per Bjarne Ørjansen, begge frå Raudt, på valvake.
REINT FLEIRTAL: Ap i Årdal fekk 53,4 av røystene, noko Hilmar Høl kan juble for. Senterpartiet låg lenge godt an på prognosane, men enda på 35,7 prosent av røystene.
VALVAKE: Også i Lærdal er politikarane samla for å følgje opptellinga.
JUBEL: Venstre i nye Stad kommune jublar for 36,2 prosent av røystene.
VENTAR: Høgre på valvake i Førde
JUBEL: Glede rundt Ap-bordet på valvake på Sunnfjord hotell i Førde.