VETERAN: Einar Terje Rake har hatt sin veteranbil i 17 år. – Då eg såg annonsa på bilen, tenkte eg: Denne skal eg ha, seier han om sin Chevrolet Bel Air Nomad.
PUSSAR: Ole Lermo frå Lillestrøm vann konkurransen i fjor. Heller ikkje i år skal det vere noko å utsette på doningen hans, ein Scania R580.
FJERDE ÅRET: Adrian Lønn frå Drammen er med på festivalen for fjerde gang. Også han køyrer i ein Scania R-serie.
SUNNMØRE: Tarjei Aalhus køyrer for Brusdal Transport i Langevåg. Bilen hans er ein Scania R230.
OPNA: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen opna Motorfestivalen i Stryn.
PETERBILT: Isabell Hjellvik stiller for første gang ut sin originale 1972-modell Peterbilt 359. – Dette er den perfekte snutelastebilen eg alltid har drøymt om, seier ho.
1973-MODELL: Denne grå Chevrolet Camaro er over 40 år gamal. Håvard Nesje heiter eigaren som har hatt den i to år no.
MÅLØY: Anders Oldeide frå Måløy har kome til Stryn i ein Scania R730.
BLACK ROSE: Frank Hole har teke turen frå Sykkylven.
BLÅSNUTE: Endre Mo frå Modalen køyrer rundt i ein Scania 1995-modell.
DRAGSTER: I denne rakkaren hadde John-Egil Bustadmo med seg 1.000 ekstre hestekrefter frå Harstad til Stryn.
FORT: Det går unna når dragsteren kjem i fart. – Eg har berre testa den på 200 metersdistanse, men då gjekk den frå 0 til 220 km/t på fem sekundar, fortel Bustadmo.