Frivillige stod i for å registrere alle før løpet.
Mamma Lillian Norvik og Mia (5) er klare for å gå Førde Opp for andre år på rad.
Då har Mia (5) fått startnummer og er klar for turen.
Sivert (6) og Mathias (9) tok med mamma Helene Sæterdal og kvalpen på tur i skodda.
Skodda sørga for at turgåarane fekk lita utsikt i byrjinga av turen.
Som Ivar Aasen ville sagt; "ein kjem ikkje på fjellet med ein flat veg".
Alder er inga hindring! Leon Haugsbø (70) og Harald Fauske (78) har gått turen heile ni gongar dei siste 14 dagane.
Skilta på veg opp gav stadige oppmuntrande ord.
Skodda letta litt for nokre minutt med utsikt.
...før det igjen blei tett og kaldt.
Leon Haugsbø (70) og Harald Fauske (78) var no ferdige med sin tiande tur på fjellet dei siste to vekene.
Markus (20) tek i mot alle på toppen med eit smil og ein medalje rundt halsen.
Vegard Norvik, Lillian Norvik, Tiril (7) og Mia (5) kom seg til toppen i år og.
Med fleire tilskodarar, såg skodda seg nøydd til å lette for ei stund.
Terje Hagen og Christian Hagen Nilssen sørga for at både Arthur og Diego fekk eigne medaljar.
Toppen blei folksam når det nærma seg start for konkurranseklassen.
"Me gløymer kor bratt det er kvar gong" sa Ingvar Skaar (t.h.), som deltok i år på Førde Opp for tredje gong.
Magnus Hjartås får vatn av støttemannskapet ved målstreken.
Norunn Stavø var den einaste til å konkurrere i sin klasse, kvinner 55-59, men var blant dei fyrste i mål.
Turen var hard for alle, men kanskje ekstra hard for nokre.
Trond Arild Bolset legg inn siste spurt opp mot målstreken.
Åse Steinsbø Støfring og Andre Høyset sprang om kapp siste kneika.
Teo Kettunen sleit med å halde Synnøve Russenes bak seg mot toppen.
Nils Paulen var ein av dei mange som måtte roe ned i dei brattaste bakkane.
Godvêret møtte ikkje tilskodarar og deltakarar før på veg ned att frå fjellet
Ingeborg (9) og Nikolai (5) dreg mamma Ingunn Rørvik utolmodig ned brattene.
Nede att ved Rådhuset var det laga klar aktivitetar for borna.
Iselin Solheim underheldt eit stort publikum ved rådhuset.
tilskodarane til konserten held seg for det meste under tak.
Nokre er raske opp bakken, andre er raske på vegen.