Hopp til innhold

Sjå bileta frå folkelivet på Skåla!

Laurdag var det tid for årets versjon av motbakkeløpet Skåla Opp i Loen. Her kan du sjå alle bileta frå motbakkefesten.

Sjå sendinga frå Skåla opp 2014 - kan du sjå deg sjølv?

SJÅ VIDEO: NRK.no sendte direkte frå Skåla Opp. Her kan du sjå løpet så mange gonger du vil...

Mange i trimklassen starta så tidleg som klokka 06.30, og enno tidlegare ute måtte dei frivillige vere.

Erik Brendefur

NØGD: Erik Brendefur i arrangørstaben til motbakkeløpet Skåla Opp.

Foto: Bård Siem / NRK

Løpet startar 28 meter over havet i Loen, og løparane gjekk til Skålatårnet, 1848 meter over havet.

– Det har vore eit vellukka arrangement. Medrekna konkurranseklassa, mosjonsklassa og alle dei som gjekk utanom arrangementet, så gjekk kring 2.500 til Skåla, seier ein godt nøgd Skålanestor, Erik Brendefur.

Tøffast i landet

Motbakkeløpet er svært populært og er av dei fleste rekna som det tøffaste i landet.

Over 1100 hadde meldt seg på i trimklassen, og i konkurranseklassen var det fullt med 800 deltakarar. Herreklassa vart vunnen av Jonathan Wyatt, medan Laura Orgue vann kvinneklassa.

– Det vart ikkje noko ny løyperekord, men det skuldast nok at det regna og var tåke og glatt, seier Brendefur.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet)

– Saktare og saktare kvart år

Ein som stiller i konkurranseklassen år etter år, er sjølvsagt Odd Bjørn Hjelmeseth, fødd i Nordfjordeid og oppvaksen på Vereide i Gloppen kommune.

– Det vart ny rekord i år også, seier Hjelmeseth etter å ha nådd Skålatårnet.

Men kanskje ikkje rekorden han hadde håpa på.

– Det går saktare og saktare år for år, og slik har det vore kvart år. Eg er stabil, ler den folkekjære langrennsløparen med individuell OL-medalje og individuelt VM-gull.

Hjelmeseth er frå seg av begeistring for jobben arrangørane gjer.

– Dei, og dei frivillige, gjer ein kjempejobb med å leggje til rette. Det er heilt fantastisk å vere med på dette løpet.

Hos arrangørane har Brendefur godt håp om ny løyperekord til neste år.

– Vi håpar å få med langrennsløparane Therese Johaug og Heidi Weng, røper han.