Hopp til innhold

Sjå bileta frå folkefesten på Breim

Vêret kunne knapt lagt ei flottare ramme rundt folkefesten på Breim. Både aktive og publikum fekk ein strålande dag på Breimstafetten.

Breimstafetten 2015
Foto: Runar Sandnes

– Dette gjekk kjempeflott. Det var ein flott dag med supervêr, seier leiar i hovudkomitê for Breimstafetten, Knut Lunde.

I dag vart stafetten arrangert for 77. gong, og rundt 60 lag deltok. Det er noko mindre enn dei 2–3 siste åra, men Vegar Sårheim i stafettkomiteen er likevel strålande nøgd.

– Dette er ei helg med mykje konfirmasjonar og ei langhelg der mange reiser vekk, så dette er vi kjempenøgde med. Og ikkje minst var det ein strålande flott dag alle som var her, seier han.

– Eit prikkfritt arrangement

Knut Lunde meiner også å ha sett at folket rundt løypene hadde det fint.

– Vi har ikkje fått talt opp, men det var rundt 500 tilskodarar i tillegg til dei aktive. Det såg ut som dei koste seg veldig.

Arrangørane har budd seg i ein månad på den store stafetten, og er nøgde med resultatet.

– Det gjekk veldig fint. Vi heldt tidsskjemaet og eg vil påstå det vart eit prikkfritt arrangement, seier Lunde.

Rosar dei frivillige

Leiaren kan knapt få rose dei frivillige som hjelpte til med arrangementet nok.

– Det er rundt 100 personar som hjelper til med sal, parkering, billettar og som funksjonærar. Dei gjer ein veldig flott innsats, seier Lunde.

– Dei frivillige betyr alt, idretten går ikkje rundt utan dei. Det er dugnadsarbeid, seier han.