NRK Meny
Normal

Sjå bileta frå årets Kjippen i Florø

Den tradisjonsrike, elleville nyttårsfeiringa i Florø må nok opplevast i live. Men her kan du likevel sjå korleis det såg ut i Florø i natt.

Kjippen 2016/2017 Florø

Kjippen – det årlege nyttårs-opptoget i Florø, samla som vanleg tusenvis av feststemte folk i Florø sentrum. Dei ulike delane av toget tok føre seg lokale, regionale og nasjonale tema, med satiriske og humoristiske stikk.

Ein diger doning stilte spørsmålet om kva Florø no skal satse på etter at det ikkje lenger vil vere sildemottak i sildebyen Florø.

Opprykkstrenaren til Florø fotball, Terje Rongsø, var sjølvsagt tema etter det eventyrlege opprykket til 1. divisjon. Han vart heidra med ein doning som avslørte suksesstrenaren si oppskrift på opprykk: «røg, Pepsi Max og skolebolle».

Det tradisjonsrike karnevalopptoget i Florø på nyttårsaftan 2016

SJÅ VIDEO: Slik såg det årlege nyttårs-opptoget ut natt til 2017. (Foto: Truls Kleiven)

Ein anna del av opptoget kommenterte språkstridane i regionreforma og i kommunereforma. Ivar Aasen vart bore rundt medan han gjentatte gongar snudde seg i grava.

Florø-borgarane lanserte òg sitt forslag på den nye storkommunen i indre Sunnfjord, som meiner namnet bør vere «Slamfjord kommune».

I tillegg marsjerte eit hylekor med faner retta mot innvandringsministeren.

Og som vanleg vart alle doningane brende på eit stort bål etter opptoget.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.