Rundt om kring i fylket vakna mange opp til våt asfalt, og litt overskya himmel. Skal ein tru vêrmeldinga er det ikkje sikkert sola kjem til å skine frå blå himmel alle stader, men nedbøren ser det iallfall ut til av vi skal sleppe unna.
Ifølgje Meteorologisk institutt blir det skya eller delvis skya og opphaldsvêr i Sogn og Fjordane denne 17. mai.
Her kan du sjå bileta frå feiringa rundt om kring i fylket. Og då treng vi di hjelp. Send oss dine bilete frå feiringa på epost til sf@nrk.no. Skriv gjerne nokre ord om kven som er på bilete og kor bilete er teke.