NRK Meny
Normal

Sjå Sogndal sin cupkamp i nett-TV

To lag frå Sogn og Fjordane kjempar i kveld om vidare avansement i NM-cupen. Sogndal sin kamp i 2. runde av cupen ser du direkte i nett-TV.

Kamp i andre runde i cupen direkte fra Myrdal gress i Åsane.

SJÅ: Her kan du sjå kveldens cupoppgjer mellom Åsane og Sogndal.

Eliteserielaget møter serieleiaren i 2. divisjon avdeling 3, Åsane, på bortebane. Eitt lag Sogndal tidlegare har møtt fleire gonger i 1. divisjon, men berre ein gong før i cupsamangheng.

Florø Fotball

TIL HØDD: Spelarane til 2. divisjonslaget Florø møter Hødd i cupens andre runde.

Foto: TRULS KLEIVEN

I 2009 vann Sogndal 2-1 på heimebane då laga også då møttes i andre runde. Åsane står for øvrig bokført med berre ein siger mot sogningane, i 1995.

Oransjetrøyene frå Bergen gav seinast for to år sidan Viking trøbbel i cupens andre runde. Då var det så vidt siddisane klarte å kare til seg 1-0 og cupavansement.

I Florø drøymer ein om ein ny cupfest på heimebane, med cupmotstand frå eliteserien. Då må 2. divisjonslaget slå cupmeistrane frå 2012, Hødd, frå divisjonen over.