Hopp til innhold

Her kan du sjå bileta frå Julelutt - julekvelden kan du sjå konserten på TV

SOGNDAL (NRK): Hundrevis av publikum i salen, ei magisk julestemning og glitrande artistar på scena. No kjem snart NRK Julelutt til ein TV nær deg, men her kan du sjå dei stemningsfulle bileta.

Eva Weel Skram og Knut Skram
Foto: Christian Blom / NRK

– Ein heilt fantastisk konsert, for ei stemning!

Godorda sat laust blant publikum som laurdag kveld fekk oppleve NRK Julelutt på nært halde i kulturhuset i Sogndal.

Artistar som Tone Damli, Unni Løvlid, Eva Weel Skram, Knut Skram og ei rekkje andre fylte scena med den vakraste julemusikken. Særleg imponert blei publikum av alle dei unge talenta frå fylket som fekk høve til å vere med på konserten.

Sjølvaste julekvelden kan du sjå ein redigert versjon av konserten på NRK1, og sjølvsagt også på TV-spelaren på nettsidene til NRK.

Prosjektleiar for Julelutt, Stian Sjursen Takle, smilte frå øyre til øyre etter dei to konsertane, ikkje minst fordi han fekk høve til å dele ut Luttprisen.

Prisen som går til årets artist i Sogn og Fjordane. Folkejuryen og fagjuryen landa på Thea Hjelmeland som ein særs verdig vinnar.

Einar Bolstad opna Julelutt konserten og Eva Weel Skram og Knut Skram syng duett.

STEMNING: Einar Bolstad opna Julelutt-konserten, medan Eva Weel Skram for første gang stod på scena saman med onkel Knut Skram.