Hopp til innhold

Sjå – ein boksar frå Sogn og Fjordane!

Ein skalle mot det eine auget stogga finaledraumen. Men Mario Midje Baltov (25) frå Aurland er nøgd med comebacket i ringen under NM i helga.

Super-Mario stogga av springskalle

SUPER-MARIO: Etter ein pause frå ringen på tre år, var Mario Midje Baltov i helga i aksjon i NM. Det heldt til ein semifinale i 75-kilos klassen.

Foto: Frida Tokvam Sverdrup

Ikkje la deg lure av namnet. Mario Midje Baltov er ein vaskekte vassbygding og noko så sjeldan som ein boksar frå Sogn og Fjordane.

Laurdag måtte han kaste inn handkledet i andre runde av semifinalen, etter at ein springskalle gav han tåkesyn.

– Etter det smalt det fleire gonger på rappen, utan at eg såg slaga koma. Då tenkte eg det ikkje var vits i å fortsette, seier Baltov.

Håpte å snu kampen

Han har gjort det sterkt i ringen tidlegare. Men før helga var det lenge sidan nokon hadde sett noko frå den hardtslåande aurlendingen. Då hadde han ikkje boksa kampar på tre år.

Første runde av semifinalen var jamn. I andre runde fekk motstandar Surkho Shamilov frå Oslo eit lite overtak, men ikkje verre enn at Baltov hadde planar om å snu kampen i siste runde.

Så kom skallen som gjorde slutt å finaledraumen.

– Eg følte eg hadde meir å gje. Han var ikkje overlegen, sjølv om han begynte å få eit lite overtak. Det var seigt måten det enda på, seier han.

Hardtslåande Mario frå Aurland

TØFF MOTSTANDAR: Det er ingen kven som helst Baltov fekk bryne seg på i helga. Motstandar Surkho Shamilov (t.h) var ranka som nummer to i 75-kilos klassen då lista sist vart oppdatert i november.

Foto: Frida Tokvam Sverdrup

Han var aldri i tvil om at det var rett å gje seg, sjølv om ein plass i finalen lokka.

– Helsa er hakket viktigare. I alle fall når det er snakk om auget, for det gidd eg ikkje bala med seinare. Det var det ikkje verdt, seier han.

Trass den saftige trykken var det ikkje noko Rocky-utgåve av seg sjølv som møtte aurlendingen i spegelen då han vakna søndag morgon.

– Auget såg heilt fint ut, det er ikkje hovna opp eller noko. Det var berre det at eg fekk skallen hans rett inn på sjølve auget. Det gjorde at synet vart tåkete, seier han.

Bytte piggsko med boksehanskar

Baltov var eigentleg friidrettsmann, men byrja å bokse som attenåring. På det tidspunktet budde dei i Voss. Veslebroren dreiv med boksing og trengde skyss til Aurland.

Medan broren dreiv på i boksehallen, sprang Mario rundar på friidrettsbana utanfor.

Dette fekk trenaren Reinhardt Sørensen greie på. Og slik byrja det. Baltov seier Sørensen, som på sitt beste var ranka som nummer to i tungvektsklassen i Norge, framleis har krut i nevane.

– Det byrjar å bli ei stund sidan no, men eg har sparra nokre rundar med han opp igjennom åra, seier han.

Av merittar kan Baltov vise til to sigrar i B-NM i boksing og bestemannspremien under Askim-open i 2011.

Men etter det har det blitt lite boksing på aurlendingen.

Slagkraftig aurlending

HARDTSLÅANDE: Comebacket gav meirsmak, samstundes som det var bittert å sjå finaledraumen gleppe. – Ein lærer meir av tap enn av ein siger, så eg veit akkurat kva eg må trena på.

Foto: Frida Tokvam Sverdrup

Usikker på vidare satsing

I oktober byrja han å trene kvar dag fram mot NM. Då var han 82 kilo og langt unna vektklassa han sikta mot.

– Det var ikkje akkurat toppidrettsnivå på forma, seier Baltov.

Difor hadde han ingen klare ambisjonar før helga. Men inst inne hadde han ein draum om å nå finalen.

– Men eg hadde ikkje vore i ringen på nærare tre år, så det var eit langskot å håpa på noko som helst, seier han.

Comebacket gav meirsmak, samstundes som det var utruleg bittert.

– Men ein lærer mykje meir av tap enn av siger, så eg veit akkurat kva eg må trena på.

No vil han gå i tenkeboksen. Lysta er der til å satse, men mykje skal klaffe. Aurland har i dag den einaste bokseklubben i Sogn og Fjordane, miljøet er lite og gode sparringpartnarar langt unna.

– Etter reglane kan eg bokse til eg er førti. Så eg har mange gode år igjen, seier 25-åringen.