Hopp til innhold

Sjå 17. mai-feiringa i Lærdal frå NRK1 si grunnlovssending

Med storbrannen i Lærdal i januar i minnet, var innbyggjarane i år ekstra stolte over å kunne feire 17. mai.

Lærdalsordføraren feirar 200 år med kanonar direkte på 17.mai sendinga til NRK1.

Lærdal fekk synt seg ekstra godt fram under sendingane til NRK1 på 17. mai under den fleire timar lange maratonsendinga i høve grunnlovsjubileet. Reporter Erlend Blaalid Oldeide og fotograf Ole Andre Rekkedal sytte for at heile Norge fekk delta i feiringa i Lærdal.

Storbrannen i januar trua lenge det historiske trehusmiljøet i Lærdal. Heldigvis vart flammane stoppa slik at dei ærverdige husa står att.

Det tradisjonsrike trehusmiljøet på Lærdalsøyri var lenge trua av storbrannen i januar. Men til alt hell kom flammane under kontroll så husa står framleis.

På Lærdalsøyri skule er store og små samla for å feire 17.mai. Leik er i fokus!

Ved Lærdalsøyri skule var det futt og fart då alle skulle teste leikar og andre aktivitetar under den tradisjonsrike 17. mai-feiringa.

Sogn sin eigen grunnlovsmann heitte Peder S Hjermann. Han fekk sin eigen bauta på garden.

Tre generasjonar etterkomarar etter eidsvollsmannen Peder S. Hjermann var med i innslaget frå Lærdal på NRK1 under den store grunnlovssendinga.

Lærdalskompaniet vart i 1814 var fryktinngytande, dei vart tekne for å vere franske leigesoldatar. 17.mai vart dei heidra i Lærdal.

17.mai-toget i Lærdal vart annleis enn tidlegare år. Sjølv om ruta var den same, så gjekk toget i år forbi fleire nedbrende hus og bygningar som gjekk tapt i storbrannen.

Det er ekstra stas for lærdølene å kunne feire 17.mai i år. Storbrannen gjorde at mange miste alt dei eigde. Difor er dei ekstra stolte i år.

Heile sendinga frå NRK1 ser du her og. her