NRK Meny
Normal

Sivle-bibliotek i Flåm

Per Sivle får si eiga lesestove. På Fretheim Hotel i Flåm har dei i vinter innreia eit bibliotek til diktaren.

Administrerande direktør ved hotellet, Birgittha Sandström, som sjølv er Sivle-fan, meiner det var sjølvsagt at Sivle skulle få namngje biblioteket.

Per Sivle

- Naturleg med Sivle

- Per Sivle er veldig kjend i Noreg, særleg på Vestlandet. Han er fødd i Flåm 6. april for 150 år sidan, og han levde her sine første seks år før han flytte til Stalheim. For oss var det veldig naturleg å velje Sivle fordi han og har tilknyting til Fretheim-familien, som tidlegare eigde og dreiv hotellet.

Ope for alle

Det nye bilblioteket opnar 21. april. Ynskjet er at det skal bli eit levande bibliotek der alle kan kome og lese eller låne bøker. Alt no har dei flust med boktitlar som skal kategoriserast og settast i hyllene. Sandström seier at valet av bøker ikkje er tilfeldig:

- Det er nynorsk litteratur, det kan førekome utanlandsk litteratur, men det føreset at boka er gitt ut opå nynorsk og. Det må vere ei nynorsk tilknyting for at boka skal vere i Sivle-bliblioteket.

Og sjølvsagt blir Sivle-bøker sentrale.

- Ja, Sivle blir godt synleg i biblioteket. Det blir bilete av han, og vi vil fortelje historia om han, seier hotelldirektøren på Fretheim, Birgittha Sandström.

Vegopning på Bergum i Førde kommune