Hopp til innhold

Sivile patruljar og hundar – slik skal Malakoff hindre narkobruk

– Vi må ta tak i dei som utfordrar lovene og reglane, seier sjefen for ein av landets største rockefestivalar. I år stiller politiet med auka mannskap og narkotikahundar saman med over 10.000 tilreisande til Malakoff.

Politi Malakoff 2015

SKAL FØLE SEG TRYGGE: Det er viktig at folk føler seg trygge på Malakoff Rockfestival, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Ruspolitikk er ei samfunnsutfordring ein sjølvsagt også merkar på festivalar. Det er noko vi er opptekne av og som vi jobbar hardt med å førebyggje, seier Arnt-Ivar Naustdal, festivalsjef for Malakoff Rockfestival.

Kvar julimånad vert den vesle og sjarmerande bygda Nordfjordeid transformert til ein yrande metropol for den festivalglade publikummar.

Malakoff Rockfestival har dei siste åra vakse og har no over 22 000 besøkande. Rundt 5000 tek inn på camp. Dette året vil også eit auka tal politifolk vere til stades under Malakoff festivalen.

LES OGSÅ: Flere mindre beslag av narkotika på Træna

LES OGSÅ: – Blir helt feil å straffe en hel festival

– Vi kjem til å stille uniformert og fleire patruljar er sivile. Det er like viktig å vere førebyggande som å ta folk for bruk direkte. Vi vil vere godt synlege under festivalen, opplyser Kurt Hammerø i politiet.

– Det er viktig å vere tydelege og klare på kva som er tillate og greitt, og kva som ikkje er det. 99 prosent av dei som kjem på festival oppfører seg eksemplarisk, seier festivalsjefen for Malakoff.

Malakoff 2016

ÅRETS FESTIVAL: Dette året går Malakoff Rockfestival av stabelen 20–22. juli.

Foto: Øystein Torheim

Bruk av narkotika på festivalar

Under Slottsfjellfestivalen førre veke i Tønsberg vart fleire personar tekne for bruk og oppbevaring av narkotika.

Ein av personane som erkjente forholda og godtok eit førelegg på 5.000 kroner var artisten Colson Baker, også kallar Machine Gun Kelly. Artisten skal ha bede om å få marihuana frå scenen.

Festivalen i Sogn og Fjordane som spelar musikk tre dagar til ende er ein av dei største i landet. Sjølv om dei fleste oppfører seg, vil det nok vere nokre som utfordrar lovverket også der.

– Vi har fokus på narkotikabruk på festivalar som vi har i andre store arrangement og elles i samfunnet, seier politibetjenten Kurt Hammerø.

Dette året kjem politiet også til å stille med hundepatruljar på Malakoff.

Politi på Malakoff 2015

AUKA BEMANNING: I år stiller politiet med auka personell. – Politiet kjem til å vere til stades på både festivalområdet og på campen, frå oppstart til avslutning, seier Kurt Hammerø.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Politiet set inn ressursar

– Ein skal ta omsyn til dei reglane vi har både når det gjeld alkohol og narkotiske stoff, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

– Det er viktig å ha eit godt samarbeid med kommunale instansar lokalt og ein god dialog med ungdommane som kjem på festivalen, seier han.

LES OGSÅ: 55 personer tatt med narkotika på festival i Lofoten

Politiet kjem til å vere til stades både sivilt og uniformert heile Malakoff festivalen.

– Vi kjem til å vere til stades på både festivalområdet og på campen, frå oppstart til avslutning, seier Kurt Hammerø.

– Vi ønsker at alle skal få den beste festivalopplevinga som mogeleg. Vi har lover og reglar som vi kjem til å handheve. Det har fungert veldig bra tidlegare og det skal fungere i år og, seier festivalsjefen.

Malakoff 2016 camp

FLOTT FESTIVAL: Målet er at alle skal ha ei triveleg stund under årets Malakoff Rockfestival.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK