Hopp til innhold

Siv Jensen sa nei

Siv Jensen nektar å setje ned kapitaliseringsrenta for kraftanlegg før årsskiftet, slik opposisjonen og Stortinget har bedd om. I staden kan det skje neste år, skriv ho i eit svar til Stortinget. Endring av renta ville ha kompensert for mykje av bortfallet av inntekter frå eigedomsskatt på kraftverk, som fører til store kutt i kraftkommunane i 2017. No vil ikkje endringa av renta få effekt for kommunane før i 2018.