Hopp til innhold

Siv Jensen lukkar auga på vegane i Sogn og Fjordane

– Eg lukker auga når eg vert transportert i Sogn og Fjordane. Og det er fordi det er hasard å køyre på vegane her.

Frp-leder Siv Jensen

Arkivbilete

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Det sa Siv Jensen då ho besøkte Førde under valkampen tysdag. FrP vil bruke meir pengar på veg om dei kjem til makta.

– Norge er eit land som er avhengig av bil for å fungere. Vi kan ikkje erstatte bilar med noko anna. Og då må vi ha gode vegar.

– Fylket prioriterer

Siv Jensen avviser at ho tidlegare skal ha sagt at ein må byggje vegar der det bur folk, og ikkje i grisgrendte strok som Vestlandet og Nord Norge.

– Uansett kva som står i avisa, har eg ikkje sagt det. Det eg har sagt er at ein må byggje i heile landet, men at ein må byggje der behova er størst - i kvart enkelt fylke. Og kvart fylke må byggje vegane i den rekkjefølgja dei meiner er viktig.

Ville stoppe Dalsfjordbrua

Framstegspartiet har tidlegare sagt at dei vil prøve å stogge bygginga av Dalsfjordbrua om dei kjem i regjering . Nestleiar i partiet, Per Sandberg, vil be Stortinget om å tvinge fylkeskommunen til å flytte brua ned på prioriteringslista. No er Jensen meir moderat.

– Vi bør sjå på dei prioriteringane i dette fylket basert på fylket sine eigne vurderingar. Det eg er stolt av, er at FrP har vore ein pådrivar for Stad Skipstunnel. Den ville ikkje blitt ein realitet utan oss.

– Opnar du no for at ein kan ta opp igjen ein del vegprosjekt som de tidlegare har vore skeptisk til ?

– Eg opnar for at vi skal ha ein fornuftig infrastrukturutbygging. Litt av problemet med dagens system, er at for at ein i det heile teke skal bli vurdert til å kome med i Nasjonal Transportplan, må ein også sende inn ein bompengesøknad.

– Vi vil at folk at folk skal sleppe det og få meir veg. Då må ein satse, og ikkje knipe att.