Hopp til innhold

Sit i rullestol – skal krysse Grønland i pulk

Skiulukka i 2015 førte til at Tord Are Meisterplass vart avhengig av rullestol resten av livet. Neste vår er målet å krysse Grønland.

Tord Are Meisterplass

FRYKT: Tord Are Meisterplass var redd det aktive livet var over etter ulukka.

Foto: Vegard Byrkjeland Aasen / Verimedia

– Då eg vakna etter koma og var redd for at mitt aktive liv var over, så sa bror min til meg: «Me kan framleis kryssa Grønland i lag, slik me alltid har drøymt om».

– Då tenkte eg «visst faen kan me det», seier Meisterplass.

Han låg lenge i koma og fekk ein komplett nakkeskade etter skiulukka i Sogndalsdalen for fire år sidan .

Han har ikkje kontakt med beina, kjernemuskulatur eller delar av armane. Ikkje kan han gripe, og ikkje kan han strekkje ut armane. Lungekapasiteten er ein tredel av det vanleg.

Men ulukka skal ikkje hindre han å oppå draumen om å krysse Grønland.

– For meg er det ikkje viktig å gjennomføre, men det er viktig å prøve. Kjenne litt på ei utfordring som ikkje er kvardagsleg, seier 30-åringen frå Sogndal.

Pulken til Tord Are Meisterplass

I PULK OVER GRØNLAND: Slik er pulken til Meisterplass designa for turen som kan ta opptil 30 dagar.

Grafikk: Privat

Med seg på laget får han bror sin Even, kameratane Andreas Fagerhaug Dalen, Rune Kinserdal og Carl Christian Sole Semb.

– Dei som er med tek ei mykje større bør enn vanleg, for at eg skal få fokusere på meg, seier Meisterplass.

Grønlandsturen er noko sogndølen både har drøymt om og trena mot. 30-åringen kan bli den første nakkeskadde i verda som legg bak seg dei kring 550 kilometerane over grønlandsisen. Han er budd på ein knallhard tur, med mange tøffe tak. Men ingen problem. Berre utfordringar. Til dømes:

– Å gå på do. Minus 25 grader, og han skal sitja på do ein time annankvar dag. Det er ikkje gitt at det er enkelt. Men me har dyktige folk. Han eine som er med er kirurg, seier Even Meisterplass.

Tord Are Meisterplass trenar til grønlandsturen

TRENING: Ein tur over Grønland krev hard trening. Men Meisterplass kan verken gripe noko eller strekke ut armane heilt.

Foto: Privat

Moro og alvor

Meisterplass-brørne og resten av gjengen vil vise at livet ikkje stoppar opp sjølv om ein sit i rullestol.

– Det er vanskeleg å finne reelle utfordringar som gir noko tilbake, når du er i ein slik situasjon som eg er. Å komme seg i jobb er ein ting, men eg har også behov for noko annleis. Ei tøff utfordring, seier Tord Are Meisterplass.

Even Meisterplass kjenner broren sin godt og forstår draumen om Grønland.

– Tord har alltid vore aktiv. Han har alltid likt å vera ute. Han kunne ikkje setja seg ned og rotna inne, seier han.

Dei trenar for å gjennomføre turen i løpet av våren 2020, dersom planar og sponsorar går i boks slik dei håpar.

– Korleis er det mogleg å gjennomføre dette med dei utfordringane du har?

– Det er beinhardt. Men ein lyt knekke det opp i ulike problem og finne måtar å løyse det på.

Kjærasten Natalie ved sjukesenga til Tord Are Meisterplass

KNAKK NAKKEN: Brotet kom mellom nakkevirvlane C6 og C7. Meisterplass måtte mellom anna ligge fire døgn i kunstig koma.

Foto: Privat