Her har gjeldsskandalen laga synlege spor for elevane

SVELGEN (NRK): I Bremanger kunne kraftpengane ha regna i rikt monn over innbyggjarane. I staden regnar det inn på skulen i kommunesenteret.

Svelgen oppvekstsenter, forfall

LEKKASJAR: På Svelgen oppvekstsenter ser ein synlege spor etter Terra-skandalen for 13 år sidan.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

På Svelgen oppvekstsenter renn bokstaveleg talt konsekvensane av kommunen sin spekulasjon med kraftinntekter gjennom taket og nedetter veggane.

– Regnet fossar ned frå tak og frå glas og ein er nøydd til å gjere noko med det, seier ordførar Anne Kristin Førde (Ap).

Kommunar tapte stort

For 13 år sidan lånte nemleg kommunen pengar og investerte dei gjennom Terra Securities og for Bremanger og sju andre kommunar blei det starten på eit gjeldsmareritt.

Kommunane tapte nær 1,5 milliardar kroner gjennom verdipapirhandlar via konkursråka Terra.

Finansavisen avslørte saka, og Terra Securities gjekk konkurs. Kommunane, Bremanger inkludert, måtte kvitte seg med verdipapira.

I åra etterpå sit Bremanger likevel igjen med ein avtale som gjer at dei risikerer eit tap på 112 millionar kroner. Dei sit fast i gjeldsskandalen og er låst til ein avtale med Danske Bank til 2036.

Dei sju andre kommunane er ferdige med saka, etter fleire store forlik med finansinstitusjonar.

Verdien stupte i sommar

– Det er ikkje alltid like behageleg å sjå desse tala, seier rådmann Tom Joensen i Bremanger.

Kvar månad får rådmannen ein e-post om utviklinga, og i sommar såg han igjen kor farleg denne avtalen er for kommunen.

Gjelda var brått blitt til 126 millionar.

Til alt hell snudde det før politikarane hadde vore nøydd for å gjere enda fleire kutt i tilbodet til innbyggjarane i kommunen.

– Det er nesten heilt utruleg at ein enda i denne situasjonen, men slik er det blitt, seier Joensen.

Svelgen oppvekstsenter, forfall.

SYNLEGE SPOR: Vasslekkasje gjer at malinga flassar av på veggane på skulen i Svelgen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi må ro det i land

Bremanger ligg i dag som eit geografisk område midt i mellom gamle Flora og Vågsøy kommunar, som har blitt til Kinn.

Kommunen har store kraftinntekter og i kommunesenteret Svelgen produserer Elkem metall til heile verda.

Men kommunen sine spekulasjonar med kraftmillionane gjennom Terra, har gjort at innbyggjarane sine tilbod stadig kjem under press.

Ordførar Anne Kristin Førde (Ap) synest saka er trist, sjølv om dei trass alt blant anna har investert i nytt helse- og omsorgssenter.

– Det er klart vi heller skulle hatt 112 millionar til andre ting. No handlar det om å ro dette i land.

Anne Kristin Førde

MÅ LEVE MED TERRA: Ordførar i Bremanger, Anne Kristin Førde (AP).

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vil ikkje fastslå tapet

Pressesjef i Danske Bank, Øystein Schmidt, meiner det er for tidleg å slå fast kor mykje kommunen vil tape til slutt.

– Saka handlar om ei fastrenteavtale som ikkje er avslutta. Dermed er det kanskje ikkje snakk om tap i ordets rette meining, fordi situasjonen endrar seg i takt med rentene over tid.

Årleg betaler kommunen nær sju millionar kroner til Danske Bank.

Dersom ikkje renta går feil veg skal kommunen greie seg, seier rådmann Tom Joensen, men legg til:

– Dette er ein type finansielle instrument som ein kommune ikkje skal ha.