Hopp til innhold

Turistar flogne til sjukehus etter fallulukke i Jølster

To turistar blei funne av redningshelikopter og frakta til sjukehus etter at den eine fall ned i eit juv under ein tur i Jølster.

Juv der turist fall i elva

FALL: Det er i dette juvet ulukka skal ha skjedd.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Dei har klart å heise opp både den skadde og personen som var med han, seier Gunnar Englund, innsatsleiar på staden.

Dei to er franske turistar. Politiet kan ikkje seie meir om den tilstanden til den skadde, som blei frakta til sjukehuset i Førde. Ulukka, som har skjedd langs Kjøsnesfjorden i Jølster, vart meld i 13-tida.

Luftambulanse, ambulanse, politi og brannvesen vart sett i sving.

Gunnar Englund

VANSKELEG Å LOKALISERE: – Det er stryk og fossar overalt og dei var ikkje lokalkjende. Då blir det litt vanskeleg, seier innsatsleiar Gunnar Englund.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Vedkommande kontakta sjølv politiet, og seier har ramla kring 20 meter ned eit elveleie, sa vaktleiar Frode Eide ved Alarmsentralen i Flora.

Innsatsleiar Gunnar Englund seier dei lenge hadde problem med lokalisering etter ulukka.

– Det er stryk og fossar overalt og dei var ikkje lokalkjende. Då blir det litt vanskeleg, seier Englund.