NRK Meny
Normal

Lokal politimann sikta for familievald

Etter ei etterforsking har påtalemakta sikta ein politimann for familievald.

– Eg har tatt ut sikting mot han for eit forhold for brot av straffelova, paragraf 219, som gjeld mishandling i nære relasjonar. Det seier Kirsti Hammerø, påtaleansvarleg i Møre og Romsdal politidistrikt til Firda.

Politimannen, som jobbar i Sogn og Fjordane, har vore under etterforsking for vald mot sambuaren sin. Saka vart meld i april 2016.

– Sidan eg foreslår at det blir teke ut tiltale, har vi no sikta mannen, seier Hammerø til NRK.

Påtalemakta siktar mannen for mishandling i nære relasjonar. Kva type mishandling er det tale om?

– Det ønskjer eg ikkje å gå i detalj om, seier Hammerø.

Ho legg til at det er statsadvokaten som endeleg avgjer om det skal takast ut tiltale eller ikkje.

Sidan eit politidistrikt ikkje kan etterforske sine eigne tilsette, vart Møre og Romsdal politidistrikt utnemnd som setjepolitimeister.

Strafferamma på vald i nære relasjonar er på fire år.

Til avisa seier Mette Yvonne Larsen, som er advokat for politimannen, at det ein del av forholda er lagt bort. Dette gjeld blant anna ei valdtektssak og etterforsking av anna vald.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.